- Mal - konkurransegrunnlag for aksesspunkttjenester
Difi har sett opp ein mal som kan nyttast som eit utgangspunkt for ein konkurranse om aksesspunkttenester. Det er viktig at verksemda set seg inn i kva eit aksesspunkt er og kva for funksjon det har. Vi har difor laga eit eige dokument med generell informasjon om aksesspunkt.
Avvikshandsaming på framsendingsstatus
Avvikshandsaming er ikkje definert i aksesspunktet si avtale med PEPPOL Regional Myndighet. Oppdragsgivar blir difor rådd til å skildre kva avvikshandsaming ein ynskjer på framsendingsstatus.
SSA-K litle
I malen nyttar vi staten si standardavtale som kontrakt. Den kan lastast ned frå www.difi.no.
SSA-K litle vedlegg
Når det gjeld SSA-K litle vedlegg som skal leggast ved kontrakten, har vi arbeidd ut eit forslag som kan nyttast for vidare utfylling. Alle vedlegga ligg i eit dokument. Oppdragsgivar kan òg sjølvsagt nytte vedlegga som kan lastast ned frå www.difi.no.
Vedleggsversjon:
Generell informasjon om aksesspunkt v1.0 - utgitt 2012-01-17
Konkurransegrunnlag aksesspunkt - MAL v1.0 - utgitt 2012-01-20
