Kva er innovasjon?

På desse sidene vil du lære meir om kva innovasjon er, ulike former for innovasjon og om kva som skil innovative anskaffingar frå vanlege anskaffingar. Du kan også lese om anskaffingar av forskings- og utviklingstenester.

Innovative anskaffingar skjer ikkje i eit vakuum, men må sjåast i samanheng med andre utviklingsaktivitetar i verksemda. Du vil derfor også kunne lese meir om kva som kjenneteiknar innovative verksemder og kva som fremjar og hemmar innovasjon.

Til slutt har vi samla nokre lenkjer til litteratur som er skriven om innovative anskaffingar og ei oversikt over alle dei norske døma det er vist til på desse sidene.

Det er eit stort uutnytta potensial for å gjere fleire innovative anskaffingar. Målet vårt er at anskaffelser.no skal vere din kanal for relevant informasjon om innovative anskaffingar i Noreg, Norden og EU.