Krav til publisering av evalueringsmodellar
Konkurransegrunnlaget kan innehalde poengutrekningar og formlar i beskrivinga av tildelingskriteria. Dette er tillate, men ikkje påkravd, og det må vurderast frå konkurranse til konkurranse om dette skal vere med i konkurransegrunnlaget.
Evalueringsmodellene er under oppdatering og nytt innhold vil bli publisert i november-desember. Vi anbefaler at du venter til ny veiledning er på plass.
Her er nokre argument som kan brukast for eller imot å kunngjere evalueringsmodellen saman med konkurransegrunnlaget:
Argument for |
Argument mot |
Det vert tydeleg for leverandøren kva som gir god score og han tilbyr det du vil ha. |
Du får ikkje leverandørens beste tilbod, men det som gir mest poeng. Leverandøren kan utnytte svakheiter i poengmodellen som det er vanskeleg å føresjå før tilboda kjem inn. |
Du forpliktar deg til ein evalueringsmodell som du så må følge. Det førebygger at den som evaluerer tilboda justerer vurderinga for å få «den leverandøren ein vil». Dermed sikrar ein ei evaluering basert på mest mogleg transparente kriterium. |
Tilboda avgjer kva evalueringsmodell og poengutrekning du vil bruke. Ved å la vere å offentleggjere modellen kan du justere undervegs i vurderinga. Dette gir færre avlyste konkurransar og senker dermed transaksjonskostnadane. |
Sikrar at prosessen er gjennomsiktig. |
Viss spreiing i pris og kvalitet på tilboda er uventa, kan modellen vere ueigna. |
Lettare for tilbydaren å treffe behova til oppdragsgivar. |
|
Viss du har informert om kva evalueringsmodell du har valt, er hovudregelen at denne ikkje kan endrast etter tilbodsopning. Gjer du det, vil det vere en ibuande risiko for favorisering av ein bestemt leverandør.