Tilbud steg for steg (leverandører)

Statusmøte

Leverandøren bør sikre at det vert gjennomført statusmøte. Dei bidrar til ei god oppfølging av leveransen.

Det er viktig med jamlege møte med oppdragsgivar for å ta opp mellom anna følgande forhold:

  • har leveransen skjedd på avtalt stad og til avtalt tid?
  • har kvaliteten på leveransen vore som beskrive i avtalen?
  • er service og oppfølgingsnivået som beskrive i avtalen?
  • er fakturering som beskrive i avtalen?
  • er e-faktura og e-handel implementert og i drift?

Eit godt samarbeid er også kjenneteikna ved at leverandør og kunde samarbeider for å auke miljøomsyn, universell utforming, innovasjon og sosialt ansvar på dei varer og tenester som vert leverte. Eit nært samarbeid med fokus på desse overordna målsettingane vil samtidig utvikle kunden til å verte ein betre kunde for ditt firma samtidig som de saman kan styrke konkurransekrafta di.

Jamlege møte bør også innehalde punkt som kontroll av prisar og forventa prisendring. Produkt/tenestesamansettinga i leveransen bør kunne utviklast gjennom samarbeid, slik at behovsdekkinga vert optimal for kunden utan at totalkostnaden vert høgare. Inviter derfor til jamlege møte med kunden der mellom anna framdrift/status på leveransen, prisar og framtidige moglegheiter vert diskuterte.

Oppdatert: 21. november 2018

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord