Korleis jobbe strategisk mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping?

Vi tilrår at arbeidet mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping blir forankra hos leiinga i verksemda, og blir omtala i relevante strategidokument. Eit slikt dokument kan til dømes vere innkjøpsstrategien (anskaffelsesstrategien).

Det er også mogleg å dedikere ein eigen strategi til kampen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Strategidokumentet, enten anskaffelsesstrategien eller ein eigen strategi som spesifikt omhandlar arbeidslivskriminalitet og sosial dumping, bør svare på følgjande:

  • Ambisjonsnivå
    Er dette eit nytt felt for dykk, kan du til dømes velje ut særlege risikoområde verksemda di vil starte med å følgje opp grundigare.
  • Kompetansebygging 
    Er det behov for kompetansebygging hos dei som skal arbeide med dette? Kvar skal den kompetansen i så fall hentast frå?
  • Rolleavklaring
    Kven skal ha ansvar for kva?
  • Kapasitet
    Har arbeidet mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping ved innkjøp noko å seie for kapasiteten på andre område?
  • Intern informasjon
    Er det behov for intern informasjon til alle i verksemda? Det kan gi arbeidet eit løft, men som minimum bør alle som kjøper inn og/eller følgjer opp avtalar, vere informerte.
  • Rapportering
    Korleis skal de måle og rapportere arbeidet?

Om du ønskjer hjelp til å lage og implementere ein anskaffelsesstrategi, finn du rettleiing og verktøy på sidene om styring og leiing.

Samarbeid mot svart økonomi (SMSØ) har samla ti gode råd for ein anskaffelsesstrategi retta spesifikt mot svart arbeid og arbeidslivskriminalitet i kommunar og fylkeskommunar. Sjå SMSØ sine ti strategiske grep. 

Døme på strategiar som inkluderer tiltak mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping

Det er mogleg å dedikere ein eigen strategi til kampen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, og det finst offentlege verksemder som allereie har gjort dette. Nedanfor ser du døme på strategiar som handlar spesifikt om å motverke sosial dumping og arbeidslivskriminalitet: 

Andre offentlege verksemder har tiltak mot sosial dumping/arbeidslivskriminalitet nedfelt i verksemda sin anskaffelsesstrategi. Nedanfor ser du døme på ein innkjøpsstrategi der det å motverke sosial dumping er eit tema, del av eit mål, eige mål eller liknande: 

Har verksemda di arbeidd med å motverke sosial dumping som ein integrert del av dykkar anskaffelsesstrategi eller eigen strategi om tema? Vi ønskjer gjerne å publisere fleire døme på nettsidene våre, til inspirasjon for andre. Ta kontakt og send oss gjerne informasjon!

Oppdatert: 5. juli 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.