Ved miljøvennleg bruk av IKT kan du redusere kostnadar og skape stor miljøgevinst. Rettleiing for berekraftige anskaffingar
Energibruk
Så mykje som 75% av driftskostnadar ved eit datasenter er knytt til straumbruk. Ein overgang til grøne datasenter vil kunne redusere straumforbruket med mellom 15 og 80 prosent, avhengig av kor energieffektive dei er i utgangspunktet.* Slik kan du spare energi i datasenteret
Retningslinjer for auka energieffektivitet
EUs retningslinjer for energieffektivitet i datasenter (The European Code of Conduct for Energy Efficiency in Data Centre) har som føremål å informere og stimulere datasenteroperatørar til å redusere energibruken på ein kostnadseffektiv måte utan å redusere sikkerheit og funksjonalitet. Meir om EUs retningslinjer for energieffektivitet i datasenter
Forsvarleg retur og avhending
IKT drift omfattar som regel også maskinvare. Ved å planlegge retur og avhending allereie under anskaffinga bidrar vi til at IKT-utstyr vert handtert på ein forsvarleg og miljøvennleg måte. Meir om retur og avhending av IKT-utstyr
* Meld.St. 23 Digital agenda for Norge: IKT for vekst og verdiskaping (2012-13)