Få hjelp til offentleg anskaffing av kontorrekvisita. Bruk DFØ sine malar for inngåing av rammeavtale om kontorrekvisita. NB: Malane er ikkje oppdaterte i samsvar med nytt anskaffingsregelverk som gjeld frå 1. januar 2017.
Open anbodskonkurranse over EØS-terskelverdi (FOA del I og III).
Malen er meint å gi eit godt utgangspunkt for eit komplett konkurransegrunnlag for kjøp av kontorrekvisita. Brukarane må gjere sine tilpassingar av malen slik at kvar enkelt brukar får behovet sitt dekt på ein best mogleg måte.
- Malen inneheld alle dokument for eit komplett konkurransegrunnlag for inngåing av rammeavtale om kontorrekvisita.
- Malen omfattar reglar for gjennomføring av konkurransen inkludert forslag til kvalifikasjonskrav og tildelingskriterium.
- Vidare omfattar malen eksempel på korleis kravspesifikasjonen kan utformast.
- Malen inkluderer også eit forslag til kontrakt.
Rettleiing til bruk av malen er gitt som merknader i dei enkelte dokumenta.
Følgande oppdateringar av malen er gjort:
18.03.2014 - Endringer i Vedlegg 2 Tilbudsmappa.
23.06.2015 - Oppdateringar i samsvar med endringar i forskrifta frå 1.juli 2015.