Leige av eigedom

Kva behov har du til lokale, og korleis gjennomføre konkurranse for å få ein god leigeavtale? Her finn du rettleiing og verktøy for å finne kva behov lokalet skal dekke, gjennomføre konkurransar og følge opp leigeavtalen.

Leigekontraktar er unntatt både lov og forskrift om offentlege anskaffingar. Vi anbefaler likevel at du held deg til dei grunnleggande prinsippa i anskaffingslova § 4 ved gjennomføring av leigeprosessar.

God handtering av leigeforhold gir deg betre lokale, lågare kostnader og mindre miljøpåverknad. I rettleiinga kan du lese korleis du riggar organisasjonen din for ein flytteprosess og korleis du best følger opp kontrakten undervegs i leigeforholdet.

Statlege leigetakarar skal bruke Statsbygg som rådgjevar ved leige i marknaden

Statsbygg tilbyr rettleiing til alle statlege verksemder ved oppstart og fornying av leigeforhold i marknaden. Kommunal og moderniseringsdepartementet har avgjort med verknad frå 1.01.2020 at statlege verksemder i sivil sektor, unntatt NAV og politiet, skal bruke Statsbygg som rådgjevar for alle leigeskyldnader på over 30 mill kroner. Sjå lenke til brev nedanfor og kontakt Statsbygg for meir informasjon.

Er det en leiekontrakt eller en bygg- og anleggskontrakt?

Leige av bygg er unntatt lov og forskrift om offentlege anskaffingar (LOA og FOA), jf. FOA § 2-4. Dette unntaket gjeld for leige av bygg som eksisterer på det tidspunktet kontrakten vert inngått.

Unntaket kan også gjelde bygg som enno ikkje er ferdig oppført, føresett at leigetakar ikkje har vesentleg innflyting på byggeprosessen. Dersom du ikkje kan utelukke nybygg, påbygg eller omfattanda renovasjon (bygg- og anleggsarbeid), og du vil ha avgjerande innflytelse på leieobjektets utforming, må du kunngjere det som ein bygge-og anleggskontrakt.  Inngåing av leigekontraktar i bygg som skal oppførast må truleg reknast som ein bygge- og anleggskontrakt, og må derfor gjennomførast i samsvar med reglane i forskrifta.

Unntaket gjeld berre sjølve leigekontrakten, slik at anskaffingar av ei teneste knytt til prosessen med å inngå leigekontrakt, til dømes meklartenester, må gjerast i samsvar med reglane i forskrifta.

I kva grad ein leigekontrakt som inkluderer tenester som kantinetenester, vaktmeistertenester og reinhaldstenester framleis ikkje er underlagt reglane i forskrifta er ikkje avklart i lov, forskrift eller rettspraksis.

KOFA drøfta problemstillinga i sak 2009/230. I den konkrete saka kom ein til at tenestene knytt til saka ikkje førte til at anskaffinga var underlagt reglane i forskrifta. KOFA såg i saka mellom anna på verdien av dei tilknytte tenestene og vurderte dette opp mot verdien av leigeforholdet. I tillegg vart det vurdert i kor stor grad kontrakten hadde eit grenseoverskridande element og i kva grad omgåingsomsyn gjorde seg gjeldande.

Mer innhold om Leige av eigedom

Oppdatert: 30. september 2021

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord