SOA er ei nasjonal sertifiseringsordning for offentlege innkjøparar. Ordninga skal bidra til å heve og å dokumentere innkjøpskompetansen i Noreg.
Innhald i SOA
SOA er den einaste offentlege sertifiseringa innanfor anskaffingar. Sertifiseringsordninga består per no av:

SOA er nyttig for deg som er innkjøpar
Fagplan og kartleggingstest er gode reiskap for kompetansebygging. Du får sertifiseringsbevis etter fullført sertifiseringstest som gir deg som innkjøpar moglegheit til å dokumentere din kompetanse.
SOA er nyttig for deg som jobbar med kompetanseutvikling
- Ein kartleggingstest gir eit godt utgangspunkt for å skreddarsy kompetansetiltak for offentlege verksemder som ønsker å byggje kompetanse på innkjøpsområdet.
- Fleire leverandørar tilbyr kurs basert på fagplanen SOA Basis.
- Sertifiseringsbeviset kan til dømes brukast som dokumentasjon på kompetanse i rekrutteringsprosessar.
SOA er nyttig for deg som er kursleverandør
Du som er kursleverandørar kan legge fagplanane til grunn når du skal utvikle kurs. Ein fagplan gir oversikt over kva emne og læringsmål som bør dekkast i eit kurs for at deltakarane skal kunne sertifisere seg i etterkant av kurset.
Om du er leverandør av kurs i offentlege anskaffingar og ønsker å basere kursa dine på ein SOA fagplan, er du velkomen til å ta kontakt med oss.
E-post: soa-post [at] dfo.no
Ansvar i SOA
Det er DFØ som har ansvar for SOA. Norsk Test er testleverandør og leverer kartleggings- og sertifiseringstesten.
DFØ er ansvarlege for utarbeiding av fagplanar og testar, men har ikkje kurs. Her finn du liste over kursleverandørar som byggjer kursa sine på fagplanen SOA Basis.