Lokalprodusert mat

I offentlege anskaffingar er det ikkje tillate å stille krav til lokalprodusert mat, eller at maten skal vere produsert i Noreg. Du kan derimot gjere andre grep for å sikre lokalprodusert mat.

Beskriv eigenskaper ved maten

Du kan beskrive eigenskaper ved den kortreiste maten du ønsker. For kjøtt kan dette vere krav til dyrevelferd eller krav om redusert bruk av antibiotika i fôret. Du kan og beskrive ulike eigenskaper ved til dømes eple, som farge eller omtrent den sorten du ønskjer. I tillegg kan du be om å få produkt i norsk sesong. På denne måten vil du ikkje få utenlandske jordbær, når jordbærene ikkje er i sesong i Noreg.

Gulrot

Del opp konkurransen

Du kan dele opp konkurransen slik at mindre, lokale tilbydarar ikkje blir ekskludert. Desse tilbydarane har ofte eit, eller nokre få, produkt som dei har spesialisert seg på. Ofte er hindringane for å nå desse tilbydarane at ein ber om for mange produkt, slik at desse tilbydarane ikkje får moglegheit til å levere. Samtidig vil det og vere interessant for dei store leverandørane å delta, fordi dei kan vinne alle delkontraktane. Vi tilrår at de bruker dialog med leverandørane for å kartlegge kva for leverandørar som finnast og kva for produkt dei kan levere. Å dele opp ein konkurranse kan gje fleire tilbod, og med det endå betre avtalar, sjøl om ein ikkje hadde delt opp.

Her er tre døme på korleis du kan dele opp ein konkurranse. Unngå å diskriminere leverandørane ved val av korleis du skal dele opp.

  • Dele opp etter produktgrupper. Døme på produktgrupper er fersk fisk, frosen fisk, ferskt kjøt, frose kjøt, meieriprodukt, bakarvarer, frukt, grønt og bær.
  • Dele opp etter produkt for produkt. Døme på dette er eple, pærer, knekkebrød, oksekjøt, laks, torsk og kveitemjøl. 
  • Dele opp etter økologiske og konvensjonelle produkt, eventuelt opne for å kunne gje tilbod på berre ein av delane. Då kan også leverandørar som berre leverer økologiske produkt vere med i konkurransen.

Undersøk eigne avtaler

Ein føresetnad for å kunne kjøpe inn frå lokale leverandørar er at dei ikkje allereie har inngått ei avtale med til dømes ein grossist om at denne skal få levere varer for behovet til heile kommunen. Vi har fleire døme på at kommunar og fylkeskommunar inngår avtaler kor dei berre forplikter seg til å kjøpe 70 eller 80 prosent av volumet frå grossisten. Slik skaper dei rom for handling til å kjøpe resten av behovet frå andre leverandørar (på større eller mindre avtaler). Det er òg fleire som deler opp slik at kvar barnehage, sjukeheim eller skule får eiget innkjøpsbudsjett.

Interne rutiner

Mange av dei større leverandørane har òg lokale produkt i sitt sortiment. Sjøl om ein ikkje i anbudet kan be om kortreist mat, er det lov til å ha interne rutiner om at tingarane på kjøkkenet skal velje det kortreiste og ha dialog med leverandøren om dette. Du kan til dømes lage eit kontraktsvilkår om at leverandøren skal rettleie om korleis dei bestiller lokale produkt. I kriterievegviseren har vi forslag til eit kontraktsvilkår om at leverandøren skal merke produkta sine med opphavsland i bestillingsløysinga.

Oppdatert: 22. juni 2022

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord