Antal mottakarar av EHF- og Peppol BIS-dokument

Sjå antall virksomheter som kan motta Elektronisk Handelsformat (EHF) og Peppol BIS (PEPPOL Business Interoperability Specification). Tala er for 2024.

Elektronisk Handelsformat (EHF) er ein spesifikasjon basert på CEN BII og UBL. EHF mogleggjer elektronisk kommunikasjon mellom oppdragsgivar sitt system og leverandøren sitt system. Hensikta med digital kommunikasjon basert på standard format (EHF/Peppol BIS) er å effektivisere dei interne prosessane for oppdragsgivar og leverandør, auke kvaliteten på meldingane for å redusere feil og fange data for analysar.

På denne sida finn du ei oversikt over antal verksemder som kan motta ulike EHF- og Peppol BIS-dokument. Det er kun norske verksemder, og versjon 3.0 og seinare versjonar av dokumenta, som inngår i oversikta.

Om datasettet
Kilde:Peppol Directory
Informasjon om dataene:Datasettet er eit åpent tilgjengeleg datasett publisert på Peppol Directory. Peppol Directory set saman dataene automatisk basert på informasjon henta frå ulike Peppol SMP (Service Metadata Publisher). SMP er registre som inneheld data om mottakar sin dokumenttype, profil og aksesspunkt. Eit eksempel på ein SMP i Norge er ELMA.

I oversikta på denne sida vises kun verksemder med norsk landkode (0192). Det vil seie norske verksemder, både dei som er registrert i ELMA og i andre norske SMPar. I tillegg vises kun 3.0 og seinare versjonar av dokumenttypane.

Det er frivillig å registrere mottakarar i ein SMP. Vi gjer derfor oppmerksom på at visualiseringa på denne sida ikkje nødvendigvis gir ei fullstendig oversikt over mottakarane, då det kan vere verksemder som ikkje er med i dataene.
Data om mottakere av EHF og Peppol BIS
Kilde: Enhetsregisteret i Brønnøysundregistrene

Inneheld data under norsk lisens for offentlige data (NLOD) tilgjengeliggjort av Brønnøysundregistrene.
Informasjon om dataene: Enhetsregisteret inneheld grunndata om norske verksemder. Vi har på denne sida brukt Enhetsregisteret til å vaske mottakardataene, ved at vi har fjerna verksomder som er sletta i Enhetsregisteret frå oversikta.
Enhetsregisteret

Antal mottakarar fordelt på dokumenttype

Tabellen viser antal verksemder som kan motta dei ulike dokumenttypane. Oversikta gjeld kun for verksemder med norsk landkode (0192). I tillegg er det kun versjon 3.0 og seinare versjoner av dokumenttypane som tala gjeld for. Dataene blir oppdatert kvar tredje månad.

Oppdatert: 23. juli 2024

Kontakt

e-post: ehf [at] dfo.no (ehf[at]dfo[dot]no)

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.