Byggeprosessen

Konseptutvikling og bearbeiding i bygg- og anlegg

Konkurranse ekstern byggherrerådgjevar/prosjektleiar

Ein profesjonell byggherrerådgjevar er viktig, Om du jamleg gjer byggje- og anleggsprosjekt i eigen organisasjon, har du kanskje nok kompetanse og kan ta rolla sjølv. Om ikkje, vil det ofte løne seg å leige inn denne ressursen.

Ein byggherre som skal bestemme prosjektstrategi og planleggje gjennomføringa av eit prosjekt, må ha solid og oppdatert kunnskap om prosess og bransje.

Byggherrar med liten intern kapasitet eller kompetanse på byggjeprosjekt, vil ofte ha behov for bistand frå ein byggherrerådgjevar eller prosjektleiar for å gjennomføre eit byggje- eller anleggsprosjekt på ein god måte.

Hva du kan bruke en byggherrerådgiver til
  • Byggherrerådgjevaren vil vere rådgjevar for den administrativt ansvarlege for prosjektet, det vil seie rådmann eller etatssjef, og ei støtte for den prosjektansvarlege i administrasjonen. Han kan gjerne kome inn heilt i startfasen av eit prosjekt for å sikre at det etablerast ein prosjektorganisasjon som er godt tilpassa kompleksiteten og storleiken til prosjektet.
  • Rådgjevaren vil hjelpe byggherren med opplegg for, og gjennomføring av, dei første viktige vurderingar av behova i høve til framtidig bruk av bygget eller anlegget i dei første fasane i eit prosjekt, før det er engasjert arkitekt og tekniske rådgjevarar.
  • Når behovet er klarlagt, og avgjerda om vidareføring av prosjektet er teke, vil byggherrerådgjevaren bidra ved val av gjennomføringsmodell og innkjøpsprosedyrar.
Byggherrerådgjevaren som prosjektleiar

Før innkjøpet må du ta stilling til kva fasar det er aktuelt å bruke byggherrerådgjevaren, og rådgjevaren sitt høve til deltaking i konkurransar seinare i prosjektet. Dette er særleg aktuelt om den same rådgjevaren skal vere prosjektleiar vidare i prosjektet. Da må i så fall konkurransen også omfatte konkurranse om prosjektleiar. Her finner du ei oversikt over kva slags del av forskrift om offentlege anskaffingar som gjeld avhengig av kva slags kostnadsanslag ein har for innkjøpet.​​​​​​

Korleis skaffe seg ein byggherrerådgjevar?

Du må se til å finne de viktige egenskapene du treng i ditt prosjekt, og bruke dette for å få på plass rett rådgjevar. Se veileder for konsulenttjenster for generell veiledning på dette. Det bygg- og prosjektfagligs, må du finna i prosjektet.

Kva slags krav bør ein stille?

Når ein skaffar seg ein byggherrerådgjevar er det viktig å stille gode kvalifikasjonskrav og tildelingskriterier og krevje dokumentasjon slik at ein kan vurdere desse. Kva krav som må stillast i det einskilde tilfellet kjem an på typen og storleiken på det planlagde prosjektet og må vurderast konkret, men følgjande vil ofte vil vere aktuelt:

  • God erfaring frå bransjen – gjerne som rådgjevar både for utførings- og oppdragsgjevarsida.
  • Krav til kunnskap om å tenke livvsyklus opp mot ulike måtar å organisere prosjekt på, ulike gjennomføringsmodellar og ulike kontraktar.
  • Erfaring frå rådgjeving frå den konkrete typen prosjekt.
  • Kunnskap om regelverket for offentlige innkjøp.

Krava kan dokumenterast gjennom til dømes personleg CV og referansar.

Det bør stillast krav om at byggherrerådgjevaren må kunne ha møte med oppdragsgjevar, eventuelt at arbeidsstad er lokala til oppdragsgjevar. Dette gjerast som ein del av kravspesifikasjonen.

Kontrakt

NS 8402 regulerer oppdrag mellom byggherre og byggherrerådgjevar der rådgjevaren har ein omsorgsplikt, der det ikkje er presist definerte rammer for oppdraget. Ytinga til rådgjevaren vil difor normalt bli honorert etter tida som har gått med til dette. Standarden brukes ofte til rådgivning tidlig i prosjektet, selv om det ikke er begrensninger.

Til NS 8402 er et utarbeidd Byggblankett 8402: Formular for kontrakt om rådgjevingsoppdrag honorert etter tid som har gått med. 

Les mer om:

Se også Veileder for kjøp av konsulenttjenester og veiledning om anskaffelse av rådgiver/arkitekt. Veilederen gir også gode tips til utforming av kvalifikasjonskrav og tildelingskriterier. Hugs at prosjektleiaren må ha tilstrekkelig kompetanse for å kjøyre prosjektet.

Oppdatert: 12. desember 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.