Hyllevare er ferdige system som du kan kjøpe og begynne å bruke utan installasjon eller tilpassingar. Ein del hyllevare kan også kjøpast som jamlege tenestekjøp der du i ein gitt periode får tilgang til systemet via internett.
Det kan vere enkelt å kjøpe hyllevare. Ofte kan du berre kjøpe det på internett og laste det ned. Meir og meir vert etter kvart tilbydd som skytjenester som du får tilgang til via internett. Men uansett kor enkelt det kan vere å kjøpe hyllevare på denne måten, må du som offentleg tilsett tenke på at dette er ei offentleg anskaffing, og du må følge anskaffingsregelverket.
Ting å tenke på når du kjøper hyllevare
- Sjekk om nokon i verksemda allereie har kjøpt hyllevare som kan dekke behovet ditt.
- Sjekk om verksemda di har rammeavtalar som du kan bruke. Det er vanleg å inkludere ulike typar hyllevare i rammeavtalar for IT-utstyr og basisprogramvare.
- Sjekk om det er avgrensingar i kva slags hyllevare du får lov til å kjøpe.
- Verksemda di kan ha vedtatt standardar for kva slags teknologi det er lov å bruke i verksemda.
- Verksemda di kan ha retningslinjer om kva ansvar den som "eig" eit system har, t.d. ansvar for opplæring, brukarstøtte m.m.
- Kva omsyn treng du å ta til informasjonstryggleik, personvern og liknande?
- Viss du treng hjelp frå IT-avdelinga i samband med det du har planar om å kjøpe, avklar det på førehand.
- Den same hyllevara vert ofte tilbydd av fleire ulike leverandørar. Det same gjeld opplæring i hyllevara. Det er viktig å gjere ei marknadsundersøking før du kjøper hyllevare.
- Sjekk om hyllevara du kjøper krev ei årleg avgift (lisens, og/eller supportavtale). I så fall tar du på deg kostnadar så lenge du bruker programvara.