Krav om IT-standardar i anskaffelser av IT

Elektronisk samhandling internt i ei offentleg verksemd, mellom offentlege verksemder eller med innbyggjarar og næringsliv, føreset IT-løysingar som kan "snakke saman". Bruk av standardar bidrar til dette.

Når du utarbeider kravspesifikasjon for å skaffe IT-utstyr, IT-lsystemer og/eller IT-tenester må du ta stilling til kva standardar du skal krevje at utstyret, systemet og/eller tenesta skal oppfylle. 

Referansekatalogen for IT-standardar i offentleg sektor finn du oversikt over kva standardar som er vedtatt anbefalte eller obligatoriske å nytte i offentlege verksemder. Offentlege verksemder er definerte som alle som vert omfatta av Forvaltningslova.

Du finn informasjon om standardiseringsarbeidet i offentleg sektor på Standardiseringsportalen. Der finn du også ei oversikt over dei bruksområda det finst standardar for, og kva standardar dette er. Du finn vidare korte omtalar av standardane og kva som er føremålet med dei, og informasjon om kor du kan laste dei ned 

Sjå også

Oppdatert: 26. juni 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.