Arbeidstilsynet startar tilsyn med offentlege oppdragsgivarar

Dei siste ti åra har Arbeidstilsynet gjennomført omkring 550 tilsyn med kommunar, fylkeskommunar, statlege verksemder og offentlegrettslege organ.

Ein gjennomgang av tilsyna viser at Arbeidstilsynet fann brot på regelverket om krav til kontroll og oppfølging av kontraktane i sju av ti tilsyn, der dette vart kontrollert. Funna frå tilsyna viser at det kontraktsmessige ofte er i orden, medan kontrollarbeidet manglar eller har manglar i mange tilfelle.

– Inspektørane våre rapporterer at mange av dei offentlege oppdragsgivarane ikkje forstår heilt kva dei skal gjera og kva krav som faktisk blir stilte i regelverket, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet i ei nyheitsmelding.

Arbeidstilsynet tilrår offentlege oppdragsgivarar om å nytte læringsressursane og malar hos DFØ (e-læring og rettleiar), der Arbeidstilsynet har hjelpt til med innhald. Tilsynet tilrår også at oppdragsgivarar vel ut kontraktane der det er høgast risiko for brot på lønns- og arbeidsvilkår.

Publisert: 11. mai 2023 Oppdatert: 12. mai 2023

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.