Krav til planlegging og gjennomføring av offentlege anskaffingar er regulert i lov om offentlige anskaffelser av 17. juni 2016 nr. 73 med tilhøyrande forskrifter.
Offentlege verksemder må følge nokre grunnleggande prinsipp og krav til prosedyrar ved planlegging og gjennomføring av offentlege anskaffingar. Gjennomføring av offentlege anskaffingar er regulert i anskaffelsesloven.
Dei fleste offentlege oppdragsgivarar må følge føresegnene i forskrift om offentlige anskaffelser av 12. august 2016 nr. 974.
For oppdragsgivarar som driv verksemd innanfor forsyningssektoren (vatn- og forsyning, transport- og posttenester), blir anskaffingar knytte til desse aktivitetane regulerte i ei eiga forskrift om innkjøpsregler i forsyningsektorene.
For oppdragsgivarar som inngår konsesjonskontraktar om tenester eller bygge- og anleggsarbeid, gjeld forskrift 8. august 2016 nr. 976 (konsesjonskontraktsforskriften).
I tillegg stiller forskrift om lønns -og arbeidsvilkår i offentlige kontrakter av 8. februar 2008 krav til kva lønns- og arbeidsvilkår oppdragsgivarar skal stille krav om hos leverandørar til offentlege oppdrag.
Det er oppretta ei eiga klagenemnd for behandling av klager frå leverandørar eller andre med sakleg klageinteresse om brot på regelverket for offentlege anskaffingar. Verksemda til klagenemnda og klageprosessen er regulert i forskrift om klagenemd for offentlige anskaffelser av 15. november 2002.
Lenke til lov, forskrifter, informasjon og rettleiing frå Nærings- og fiskeridepartementet til nytt regelverk finn du på Nærings- og fiskeridepartementet si informasjonsside om offentlege anskaffingar.