Roller og ansvar i SOA

Oversikt over involverte aktørar, roller og ansvar i SOA.

DFØ er eigar og sekretariat for SOA

DFØ (tidlegare Difi/Digdir) er eigar og sekretariat for ordninga. DFØ utarbeider spørsmåla som utgjer sertifiseringstesten. Sekretariatet oppnemner fagrådet og administrerer aktivitetane til fagrådet.

Fagrådet

Fagrådet er fagleg rådgivande organ for DFØ i utviklinga av SOA. Fagrådet har eit operativt ansvar for utvikling, evaluering og vedlikehald av SOAs fagplanar. Medlemane i fagrådet representerer statleg, fylkeskommunal- og kommunal sektor og relevante interesseorganisasjonar.

Medlemane i fagrådet skal representere ein brei anskaffingsfagleg kompetanse. Dei skal samla ha kjennskap til alle sider ved offentleg anskaffingspraksis. Fagrådet kan hente inn spisskompetanse ved behov, til dømes når nye fagplanar skal utviklast.

Fagrådet har 14 medlemar. I dag er NHO, LO, KS, KS Innkjøpsforum (KSI), Virke, Fylkesinnkjøp (FI), Sykehusinnkjøp HF, Politiets fellestjenester, Oslo kommune, Norsk forbund for innkjøp og logistikk (NIMA), Etisk Handel Norge, Norsk Test og DFØ medlemar av rådet.

Testleverandør - Norsk Test

Norsk Test administrerer og gjennomfører kartleggings- og sertifiseringstestane. Dei gjennomfører testane via nett.

Kursleverandørar

Det finnast fleire ulike private leverandørar av kurs. Fagplanen er tilgjengeleg for alle, og DFØ har oppfordra marknaden til å byggje sine kurs på fagplanen.

Oppdatert: 6. mars 2024

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.