I nye Doffin skal det bli lettare for leverandørar og andre brukarar av Doffin å finne relevante kunngjeringar frå offentlege oppdragsgivarar.
Det er ikkje lenger mogleg for leverandørar å logge seg inn på Doffin for å lagre kunngjeringar. Denne funksjonaliteten er ikkje vidareført frå gamle Doffin.
Dei viktigaste endringane for leverandørar er:
- Betre søk- og filtreringsfunksjonalitet – du vil få betre og meir relevante treff
- Betre brukaroppleving
- Betre oversikt over inngåtte kontraktar
- Betre oversikt over dynamiske innkjøpsordningar
Det er mogleg å lagre søk i nye Doffin. For kvart søkekriterium eller filtervalg du gjer i søket, vil URLen oppdatere seg. Når du har funnet eit søk du ønsker å lagre, kan du bokmerke lenka i nettlesaren din, og resultata vil oppdatere seg kvar gong du åpner sida.
Det er også mogleg å kjøpe varslingstenester – det finst fleire leverandørar som bruker data frå Doffin. Dette er dei me kjenner til: