Kvifor motverke arbeidslivskriminalitet og sosial dumping ved innkjøp?

Det er mange gode grunnar til å arbeide mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping ved innkjøp.

  • God kvalitet og stabile leveransar
    Ved å betale det kvalifisert arbeidskraft og gode løns- og arbeidsvilkår kostar, aukar vi sannsynet for å få leveransar med riktig kvalitet og til riktig tid. Det er også meir sannsynleg at kompetente tilsette blir hjå ein seriøs leverandør, som igjen vil bidra til stabilitet og kontinuitet i leveransen.
  • Omsynet til enkeltmenneske 
    Sosial dumping kan ha store konsekvensar for dei som blir utsette for det. Dette er ofte arbeidstakarar som i utgangspunktet er i ein vanskeleg livssituasjon, til dømes arbeidsinnvandrarar frå land med høg arbeidsløyse.
  • Eit seriøst næringsliv 
    Når useriøse leverandørar tilbyd arbeidstakarane sine uakseptabelt dårlege løns- og arbeidsvilkår, påverkar dette konkurranseevna til dei seriøse leverandørane som taper tilbod og kan bli pressa ut av marknaden. Dei må kanskje seie opp tilsette, flytte eller setje ut produksjonen, noko som igjen går ut over norske arbeidsplassar. Det vil på sikt svekkje konkurranseevna i bransjen og kan skape utfordringar ved framtidige innkjøp.
  • Motverke arbeidslivskriminalitet 
    Erfaringane til arbeidstilsynet tilseier at der det førekjem sosial dumping blir det i aukande grad avdekka kriminelle tilhøve. Det kan til dømes vere skatte- og avgiftsunndraging, grove brot på arbeidsmiljølova, menneskehandel, kvitvasking mm.
  • Motverke press på opparbeidde rettar i arbeidslivet 
    Di meir utbreitt sosial dumping blir i ein bransje, di vanskelegare blir det å oppretthalde dei rettane som er bygde opp over tid. Det kan på sikt også ha konsekvensar for rekrutteringa til bransjen.
  • Omdøme 
    Det ligg ein monaleg omdømerisiko i å samarbeide med useriøse leverandørar.
  • Halde regelverket 
    Som offentlege oppdragsgjevarar har vi eit særleg ansvar for å motverke sosial dumping.
Oppdatert: 12. desember 2022

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord