Doffin for tilbydere

I nye Doffin skal det bli lettare for leverandørar og andre brukarar av Doffin å finne relevante kunngjeringar frå offentlege oppdragsgivarar.

Det er ikkje lenger mogleg for leverandørar å logge seg inn på Doffin for å lagre kunngjeringar. Denne funksjonaliteten er ikkje vidareført frå gamle Doffin.

Dei viktigaste endringane for leverandørar er:

  • Betre søk- og filtreringsfunksjonalitet – du vil få betre og meir relevante treff
  • Betre brukaroppleving
  • Betre oversikt over inngåtte kontraktar
  • Betre oversikt over dynamiske innkjøpsordningar

Det er mogleg å lagre søk i nye Doffin. For kvart søkekriterium eller filtervalg du gjer i søket, vil URLen oppdatere seg. Når du har funnet eit søk du ønsker å lagre, kan du bokmerke lenka i nettlesaren din, og resultata vil oppdatere seg kvar gong du åpner sida.

Det er også mogleg å kjøpe varslingstenester – det finst fleire leverandørar som bruker data frå Doffin. Dette er dei me kjenner til:

Oppdatert: 8. mai 2024

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.