Offentleg-Privat Samarbeid (OPS)

OPS er eit samarbeid mellom offentlege og private aktørar. Det private OPS-selskapet har byggherrerolla, utfører prosjektering og tek ansvar for bygging, finansiering, drift og vedlikehald i ein definert periode.

I denne gjennomføringsmodellen er OPS-selskapet byggherre i eit kontraktstilhøve til ein offentleg bestillar:

  • Samfunnet bestiller ei teneste, til dømes ein veg eller ein skole.
  • Den offentlege oppdragsgivaren skildrar oppgåva som skal løysast med funksjonskrav, og definerer kva slags standardar og kvalitetar som skal leverast.

Innanfor desse rammene får leverandøren fridom og totalansvar for å utvikle, bygge, drifte og vedlikehalde prosjektet i vanlegvis 20–30 år.

Dette opnar for innovasjon og effektivisering ved at det tidleg kan veljast løysingar som gjev innsparingar på sikt, både i utforming av bygget/anlegget, drift og vedlikehald, og på logistikk og gjennomføring. Livssykluskostnader er dermed viktig for både oppdragsgivar og leverandør.

Organisering

Figuren viser korleis OPS-kontrakten gir ein leverandør samla ansvar for design, bygging, finansiering, drift og vedlikehald:

OPS-selskapet får ein bestilling via ein OPS-kontrakt, sikrar seg lån og eigenkapital og tar ansvar for teknisk rådgivar, arkitekt, entreprenør, drift og vedlikehald.

I eit OPS-prosjekt har leverandøren ansvar for heile livssyklusen til bygget eller anlegget, medan den offentlege oppdragsgivaren betaler ei fast leige til leverandøren i kontraktsperioden, som til dømes er 20–30 år. Når kontraktsperioden går ut, tek oppdragsgivar over ansvaret for drift og vedlikehald, om ikkje det er avtalt opsjonar på forlengingar. Prosjektet blir overlevert i høve til kva som er avtalt i OPS-kontrakten.

Ved slik organisering er leverandør ansvarleg for å utnytte alle høva i eit langsiktig perspektiv ved at ein ser på planlegging, bygging og drift/vedlikehald som ein heilskap. Kompetanse og kunnskap kjem inn i prosjektet frå dag éin, og hjelper til å skape berekraftige løysingar. Kostnadsfokus blir også introdusert tidleg i utviklingsfasen. Ved overgang til drift vert risikoen for konfliktar redusert ettersom overleveringa skjer internt i OPS-organiseringa.

Roller og oppgåvefordeling

OPS har vore brukt som gjennomføringsmodell i samband med mellom anna bygging av vegar, skolar, sjukehus, idrettsanlegg og sosiale bustader i Noreg.

OPS finst i mange ulike variantar, og det finst inga standardisert form på dette samarbeidet. I internasjonal samanheng blir som regel følgjande roller og oppgåvefordeling brukt:

  • Design (D)= Planlegge (planlegging, prosjektering, førebuande arbeid etc.)
  • Build (B) = Bygge (sjølve entreprisen i samband med ei utbygging)
  • Finance (F) = Finansiere (tilrettelegging av sjølve finansieringa, lån/eigenkapital for å gjennomføre prosjektet)
  • Operate (O) = Drifte (drifta av bygget/anlegget)
  • Maintain (M) = Vedlikehalde (vedlikehald, oppgraderingar med meir i levetida til kontrakten)
  • Transfer (T) = Tilbakeføre bygget/anlegget til offentleg oppdragsgivar etter avslutta kontraktsperiode eller ved bestemte milepelar med tilbakeføringsopsjonar for det offentlege

Vi føreset at "Offentleg-privat samarbeid" omfattar ein såkalla DBFOM-kontrakt (kalla for OPS-kontrakt i Noreg), som vil seie alle elementa nemnt over i større eller mindre grad.

Det er også mogleg å gjennomføre OPS med delvis offentleg finansiering.

Kva tid startar eit OPS-prosjekt

Eit OPS-prosjekt startar når det er gjort ei vurdering av om prosjektet er eigna som OPS, og det er ei avgjerd om at bygget eller anlegget skal gjennomførast som eit OPS-prosjekt. Deretter består prosjektet av seks fasar:

  1. Tidlegfase OPS
  2. Konkurranse OPS-leverandør
  3. Forprosjekt
  4. Byggjeperiode
  5. Drift og vedlikehald (inngår i FDVU-prosessen)
  6. Eventuell tilbakeføring

Resultatet av tidlegfasen i byggeprosessen er ein ferdig utvikla konkurransestrategi for gjennomføringa av prosjektet.

Oppdatert: 5. juli 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.