Finansiering av OPS

Du kan finansiere prosjektet på fleire måtar. Det som er viktig, er å behalde insentivmekanismane i prosjektet.

Opphavleg var finansiering ein føresetnad for ein Offentleg-Privat Samarbeids-modell (såkalla DBFMO (T)-kontrakt). Det har i den seinare tida, særleg i Noreg der tilgang på offentleg kapital er stor, vore lansert «hybridmodellar» for privat og offentleg finansiering.

Ved privat finansiering kan ein offentleg oppdragsgivar redusere betalinga om bygget eller anlegget ikkje blir levert til avtalt standard og tilgjengelegheit gjennom heile avtaleperioden.
Det er svært viktig å behalde ein tilsvarande insentivmekanisme, om finansieringa blir gjort delvis i offentleg regi.

Nedbetaling av byggjelån ved ferdigstilling

Når bygget eller anlegget er ferdigstilla til avtalt tid og standard, kan dette utløyse ei offentleg utbetaling slik at leverandøren kan betale ned på lån og såleis redusere den offentlege leigeprisen for resten av leigeperioden.

Denne mekanismen vart mellom anna brukt på OPS-prosjektet Orkdalsvegen (Klett-Bårdshaug), der leverandøren fekk utbetalt 100 millionar NOK etter slutten på året for kvart av dei tre første åra etter ferdigstilling.

Det er viktig ikkje å betale ned heile prosjektkostnaden før ved ei eventuell tilbakeføring. Slik beheld du insentivstrukturen i heile kontraktsperioden.

Karolinska-modellen

Nye Karolinska sjukehus i Stockholm blir gjennomført som eit OPS-prosjekt. Oppdragsgivar, Stockholms Län, gjekk inn med kontantinnskot før byggestart for å oppnå betre rentevilkår.

Offentleg medeigarskap

OPS-selskapet blir som oftast oppretta som eit såkalla «Special purpose vehicle» eller «single purpose company» berre for å gjennomføre dette prosjektet. Eigarskapet i selskapet kan bestå av fleire aktørar. Då kan offentlege oppdragsgjevarar gå inn på eigarsida av OPS-selskapet og bidra med kapital til gjennomføringa.

Slik vil prosjektet få tilgang på offentleg kapital samtidig som leverandøren kan få ein del av potensiell vinst i prosjektet. I tillegg vil modellen bidra til betre samarbeid, auka transparens i prosjekta og at offentlege og private interesser er samanfallande.

Denne modellen er enno ikkje prøvd ut i Noreg, men vart tilrådd av britiske styresmakter då det vart gjort ein kritisk gjennomgang av deira mest brukte OPS-modell, Private Finance Initiative (PFI) i 2011. Offentleg medeigarskap vart gjort framlegg om som eitt av fleire initiativ for å skape ein meir solid og eigna OPS-modell, såkalla PF2.

Oppdatert: 5. juli 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.