Sertifiseringsordninga SOA Basis omfattar anskaffingsprosessen på eit grunnleggande nivå. Her finn du informasjon om fagplanen, om korleis du kan gjennomføre sertifiseringstesten og ta kurs.
Fagplanen til SOA Basis
SOA Basis består av fagplan, kartleggingstest og sertifiseringstest. Fagplanen beskriv relevante emne og kompetansemål ein sertifisert innkjøpar skal kjenne på eit grunnleggande nivå.
Under kan de lese om dei fem ulike tema fagplanen tek føre seg.
Grunnleggande omgrep
Testen inneheld nokre få heilt sentrale begrep frå anskaffingsregelverket som alle innkjøparar bør kjenne att.
Planlegging av anskaffingsprosessen
Du kan påverke anskaffinga mest tidleg i prosessen. Sjølve grunnlaget for ei vellukka anskaffing vert lagt i planlegginga. Vurdering av behov og forankring av disse i måla til verksemda er avgjerande for å oppnå auka verdiskaping og effektiv ressursbruk. Roller og ansvar i anskaffingsprosessen vert definerte i denne fasen.
Konkurransegjennomføring
Konkurransegjennomføring startar ved at marknaden vert formelt kontakta. Formålet er å inngå ein eller fleire kontraktar slik at mål og resultat nedfelt i anskaffingsdokumenta vert realisert. Det kan kome spørsmål, vere behov for presiseringar, avklaringar og ettersending av dokumentasjon.
Tilboda skal vurderast og evaluerast med utgangspunkt i innlevert dokumentasjon og dei konkurransereglar som vart sett for konkurransen. Nokre gonger må konkurransen avlysast.
Kontraktsoppfølging
God kontraktsoppfølging skal sikre at ytingane verksemda har avtalt faktisk vert levert. Vidare skal kontraktsoppfølging bidra til eit godt samarbeid med leverandøren og motverke at ein misforstår kvarandre og moglege konfliktar.
Lov og forskrift om offentlege anskaffingar
Offentleg sektor brukar betydelege midlar på innkjøp kvart år. Regelverket set viktige krav til, og rammer for, korleis konkurransar om offentlege kontraktar skal gjennomførast. Ny lov og nye forskrifter om offentlege anskaffingar tok til å gjelde 1. januar 2017.
Sertifiseringstesten og kartleggingstesten
Sertifiseringstesten
Her kan du melde deg på for å ta sertifiseringstesten. Pris sertifiseringstest kr. 1370,- + mva.
SOA BASIS gjer at du som innkjøpar kan dokumentere din kompetanse gjennom eit sertifiseringsbevis. Testen dokumenterer grunnleggande innkjøpsferdigheiter, og kan takast uavhengig av andre kompetansehevande tiltak, til dømes kurs. Testen er basert på læringsmåla i SOA Basis Fagplan. Norsk Test administrerer sertifiseringstesten.
Testen består av 40 spørsmål som blir trekt tilfeldig frå ei omfattande spørsmålsdatabase. Det finnast ulike spørsmålstypar der dei fleste er av typen fleirvalsoppgåver (multiple choice).
Kandidaten har 60 minutt til å svare på testen. Kandidaten får tilbakemelding på totalt resultat og score per emne med ein gong. Resultatet vil vere tilgjengeleg for kandidaten under 'min side' på nettsidene til Norsk Test. Om kandidaten ikkje består, kan ny test takast etter 14 dagar. Dei som består testen får eit sertifiseringsbevis.
Kartleggingstesten
Her kan du melde deg på for å ta kartleggingstesten. Pris kartleggingstest kr. 820,- + mva.
Før du tek sertifiseringstesten kan du velje å kartlegge eigen kunnskap gjennom SOA BASIS kartleggingstest. Kartleggingstesten er eit fint verktøy for personar og verksemder som ønsker å jobbe strategisk med kompetanse på anskaffingsområdet. Testen gir tilbakemelding på kva for emne det er behov for meir kompetanse.
Kartleggingstesten inneheld spørsmål frå ein eigen spørsmålsdatabase, men dekker same emne som sertifiseringstesten og er bygd opp likt.
Kurs
Det er ikkje eit krav å ta kurs for å gjennomføre sertifiseringstesten, men kurs kan vere ei god kjelde til kompetanse.
Under finn du ei liste over leverandørar som har opplyst at dei baserer sine kurs om offentlege anskaffingar på fagplanen SOA Basis. Lista er i alfabetisk rekkefølgje.
Om du er leverandør av kurs i offentlege anskaffingar og ønskjer å basere kursa dine på SOA BASIS, er du velkomen til å ta kontakt med oss.
Se også
Sertifiseringsordningen SOA Bærekraft tar for seg temaene klima og miljø, arbeidslivskriminalitet, sosialt ansvar og andre samfunnshensyn.