Nytt verktøy for låge klimagassutslepp i byggjeprosjekt

DFØ lanserer eit nytt verktøy som kan gjere det enklare å stille krav til klimagassutslepp i bygganskaffingar.

– Verktøyet er utvikla i samarbeid med offentlege byggherrar som treng hjelp til å setje krav for å redusere klimagassutslepp frå materialbruk, seier rådgivar Ellen Ramsnes.

Miljørådgivar Jonas Tautra Vevatne i Asker kommune seier at det er veldig bra at det kjem fleire verktøy og eit som er fritt tilgjengeleg for alle.

– Me har tatt i bruk det nye verktøyet til den nye fleirbrukshallen som er under bygging på Risenga. 

Klimagassutslepp frå bygg har høg prioritet i den nye klimameldinga og hos kommunane. Det nye verktøyet hjelper oppdragsgivarar til å setje forslag til utsleppsrammer for klimagassutslepp frå materialbruken i nye bygg. Utsleppsramma omfattar produksjon og transport av materialar fram til byggjeplass, og utskifting av materialar som har kortare levetid enn bygget.

Elin Ringdal, prosjektleiar i Horten kommune har vore med å teste verktøyet når det blei utvikla.

– Verktøyet gjer det enkelt for byggherrer å stille gode og tydelege krav til klimagassreduksjonar i byggjeprosjekt, seier ho.

Basert på areal og formålet til bygget bereknar verktøyet forslag til maksimale klimagassutslepp for materialane som inngår i byggjeprosjektet. Denne utsleppsramma kan kombinerast med krav til klimagassberekningar som entreprenørane skal dokumentere at dei oppfyller.

 

Publisert: 2. mars 2021 Oppdatert: 4. mars 2021

Fant du det du lette etter

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord