Doffin: Kunngjer tildelingar før nyttår

Frå årsskiftet kan du ikkje lengre kunngjera endringskunngjeringar og kontraktstildelingar i gamle format.

I overgangsperioden til ny Doffin og dei nye kunngjøringsskjemane har det vore mogleg å senda endringskunngjeringar og kunngjering av kontraktstildelingar for påstarta kunngjeringar i gamle format til Doffin og TED. Frå og med 01.01.2024 vil dette ikkje lengre vera mogleg.

Frå nyttår må du bruka dei nye kunngjeringsskjema for endringskunngjeringar og kontraktstildelingar for innkjøp der konkurransen vart kunngjord i gamle format. Dette vil medføra noko ekstra arbeid og kompleksitet, sidan dei nye kunngjeringsskjemaa har fleire felt og ikkje klarer å henta all informasjon frå tidlegare kunngjeringar.

DFØ tilrår derfor at du sender slike kunngjeringar så snart som mogleg og seinast før nyttår.

Publisert: 11. desember 2023 Oppdatert: 15. desember 2023

Kontakt

Spørsmål om Doffin

E-post: doffin [at] dfo.no (doffin[at]dfo[dot]no)

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.