DFØ får mange spørsmål om korleis oppdragsgivarar kan bruke innkjøpa sine strategisk for å fremme grøn næringsutvikling. Kom på webinar 8. juni for å lære meir.
Under webinaret vil Elisabeth Sandnes og Johan Englund frå DFØ gi tips om korleis komme i gang. Veldig ofte har særleg kommunar og fylkeskommunar politisk ønske om at kommuna skal drive grøn næringsutvikling, og det blir peikt på innkjøp.
– Ei tilbakemelding vi ofte får, er at innkjøparar ønskjer fleire konkrete døme, gjerne så detaljerte som mogleg. Målet vårt er å legge opp webinara våre på ein måte som gjer at innkjøparar kan gå tilbake til arbeidet sitt med ein klar tanke om kvar dei skal begynne, seier seksjonssjef Helene Hoggen.
DFØ vil komme med praktiske tips både knytt til planlegging, gjennomføring av konkurranse og å legge til rette for innovasjon.
Nye vegar vil også delta for å snakke om korleis prosjekta deira har påverka det lokale næringslivet, og dessutan korleis dei arbeider med grøn næringsutvikling i kontraktane sine.
Håvard Heistad frå Levanger Kommune vil snakke om korleis dei fremmer grøn næringsutvikling i kontraktane sine.
Her er det mogleg å få til fine ting, både gjennom tradisjonelle innkjøp og gjennom innovative innkjøp.