Høyring krav og kriterium på tekstil

DFØ ønskjer innspel og tilbakemelding på forslag til standardformulerte krav og kriterium på tekstil.

Utkastet består av 15 nye krav og kriterium som skal sikra at offentlege innkjøp av tekstil bidreg til å forlengja levetida på produkta, redusera bruken av kjemikaliar og vareta grunnleggjande menneskerettar i produksjonen.

Krava og kriteria skal kunne brukast slik dei er formulerte i utkastet, men kan også tilpassast det konkrete innkjøpet. Vi tek gjerne imot innspel på formuleringane, og vil også gjerne ha informasjon om dette er noko mange leverandørar kan levere på.

Krava og kriteria vil etter høyringa bli publisert i vår kriterieveiviser.

Publisert: 15. desember 2023 Oppdatert: 20. desember 2023

Kontakt

  • kriterieveiviseren [at] dfo.no (kriterieveiviseren[at]dfo[dot]no)

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.