Det norske leverandørutviklingsprogrammet og utsleppsfrie anleggsplassar er blant gode døme EU peiker på i ei ny rettleiing.
EU-kommisjonen lanserte 15. mai ei ny rettleiing for innovative innkjøp. Norske utsleppsfrie anleggsplassar blir løfta fram som eineståande døme på innovative anskaffingar i europeisk samanheng. Slike fellesanskaffingar syner korleis fleire innkjøparar saman kan utfordre marknaden til å levere løysingar for å nå miljø- og helsemål, meiner EU-kommisjonen.
EU vil spreie kunnskap og inspirasjon til båe innkjøparar, leverandørar og politikarar. Rettleiinga syner kvifor innovative innkjøp er viktige, og korleis dei skal gjerast.
Rettleiinga tydeleggjer korleis innovative innkjøp kan bli eit strategisk verkemiddel. Innovative innkjøp kan gje betre kvalitet, vere bra for miljø og sosial tilhøve. Det kan også vere meir kostnadseffektivt, samt skape nye verksemder og arbeidsplassar. Rettleiaren peiker og på moglegheitene innovative anskaffingar kan gje små- og mellomstore verksemder.