Høge og uføreseielege energiprisar har vorte ei utfordring også for offentlege leigetakarar. DFØ beta-testar no eit nytt skjema som kan brukast til å få innsikt i og oversikt over energiforbruket.
For å oppnå reduserte og meir føreseielege energikostnader er det behov for godt samarbeid med leigetakar når utleigar står for energistyring, energikjøp, vidarefakturering av energikostnadene og eventuelle investeringar i ENØK-tiltak. DFØ har derfor laga eit nytt skjema som kan brukast for å hente informasjon om energiforbruket.
Målet er å finne fakta
Seniorrådgivar Cecilie Blytt seier at formålet med skjemaet er å avklara grunnleggjande fakta om energiforvaltning, som til dømes kva drivkraft utleigar har for å redusere straumforbruk.
– Andre fakta kan gå på kor detaljert informasjon utleigar har om forbruket og kor mykje av dette som er tilgjengeleg for leigetakar. Eit anna forhold er kva fordelar leigetakar har av reduksjonstiltak, seier Cecilie Blytt.
Mange moglegheiter
Døme på tiltak som reduserer forbruket er lågare temperatur i delar av arealet, justering av korleis energi blir kjøpt (spot/langsiktig, opphavsgarantiar) og korleis vidarefakturering går føre seg. Det siste omfattar også eventuelle påplussingar eller andre økonomiske fordelar til utleigar.
DFØ har brukt skjemaet overfor eigen utleigar, og erfarer at det reiser interessante prinsipielle spørsmål om i kva grad leigetakarar kan påverka energibruken og kostnadene i lokala våre.
– Vi vil gjerne samle erfaringar frå fleire leigetakarar, og har derfor lagt skjemaet ut til beta-testing. Me set stor pris på tilbakemeldingar, seier Cecilie Blytt.