Test den nye kriterievegvisaren

DFØ har lansert ein ny versjon av Kriterievegvisaren med oppdaterte krav og kriterium og betre brukarvennlegheit.

Formålet med Kriterievegvisaren er å letta arbeidet til offentlege innkjøparar. Den har forslag til handfaste krav og kriterium og gir oversikt over dei viktigaste omsyna til berekraft som oppdragsgivarar bør ta i dei ulike innkjøpskategoriane.

Enklare for leverandørane

– Kriterievegvisaren bidreg også til større føreseielegheit for leverandørar, fordi offentleg sektor i større grad stiller dei same krava, seier seniorrådgjevar Victoria Stokke.

I Riksrevisjonens undersøking av grøne offentlege innkjøp, vart det peika på behov for å gjera DFØs rettleiingar om grøne innkjøp meir kjent og brukarvennleg. Dette er bakgrunnen for at DFØ har utvikla ei ny digital løysing for Kriterievegvisaren, som fyrste gong vart lansert i 2018.

Bransjane er representerte

Ei ekspertgruppe med innkjøparar og representantar frå dei aktuelle bransjane har arbeidd med dei ulike krav- og kriteriesettene. Dette skal sikra at krava treffer rett med tanke på modnad i marknaden, og at dei blir brukarvennlege for innkjøparar.

Alle kravsett blir sende på høyring for ytterlegare innspel frå bransjen og innkjøparar, og blir juridisk kvalitetssikra før dei blir publiserte. I dei oppdaterte kravsetta er det også innarbeidd endringar baserte på tilbakemeldingar frå brukarar. Fleire kravsett er derfor vesentleg forenkla, med auka vekt på krava som gir størst utslag på berekraft.

Webinarer for kvar kategori

DFØ held i tida framover webinarer for kvart av krav- og kriteriesettene og går gjennom innhaldet i kravsettet, og som deltakar får du moglegheit å stille spørsmål:

Publisert: 9. mars 2023 Oppdatert: 17. mars 2023

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord