Berekraftige matinnkjøp – Sjukehuset i Vestfold
Berekraftig og økologisk mat er ei satsing på eit av Noregs største sjukehuskjøken. Martin Skadsheim, avdelingssjef for matforsyningsavdelinga, fortel om korleis og kvifor han tykkjer dette er viktig.
Fastankra i toppleiinga
Miljøprofilen er forankra frå toppen av føretaket gjennom strategien for miljøsertifisering. Sjukehuset i Vestfold var landets første sjukehus som blei miljøsertifisert etter ISO 14001. Denne forankringa har vore heilt nødvendig for at avdelinga får satse på berekraftig mat. Martin Skadsheim har bidratt til strategien gjennom at kjøkkenet har fjerna alle produkt som inneheld palmeolje, og kantinene ved sjukehuset skal ha 20 % omsetning av økologisk mat i 2015.
Økologisk satsing
Sjukehuset har i fleire år hatt ein miljøprofil der tidlegare miljørådgjevar Randi Fellberg Hagen var ein dyktig og ivrig pådrivar. Økologisk, berekraftig mat har vore eit av satsingsområda, og Martin Skadsheim vart i 2012 tilsett med mellom anna denne satsinga som eitt av kriteria. I etterkant har avdelinga jobba mykje med å finne og utvikle produkt som eignar seg i produksjonen. Avdelinga blir målt kvar månad på økologisk forbruk.
Sidan 2011 har sjukehuset i samarbeid med produsentane Bama industrier og Fylkesmannens Landbruksavdeling, forska for å finne dei beste økologiske potetene som eignar seg til souse vide-produksjon. I november 2013 fekk sjukehuset den første leveransen av slike poteter, og sidan den gongen har alle kokte poteter som blir leverte frå produksjonskjøkkenet, vore økologiske.
Kaféseksjonen var dei første som starta med økologiske varer. Dei første produkta var økologiske rundstykke. Sidan har sortimentet blitt utvida. I dag er den økologiske delen om lag 11 % beståande av brødvarer, frukt og grønt. Frå hausten 2014 er all kaffi i seksjonen økologisk. Kysthospitalet i Stavern, med om lag 45 døgnpasientar samt dagsenter, har eit internt mål om å bli det sjukehuset i landet som har størst del økologiske varer. Sjukehuset har eit eige kjøkken som lagar dei aller fleste rettar sjølv. Hausten 2014 vart det innført ein vegetarmiddag i veka. Matvertseksjonen serverer berre økologisk kaffi. Dei andre einingane jobbar med å innføre økologiske produkt samt at dei får middag frå produksjonskjøkkenet.
Stimulerer marknaden
Sjukehuset ønskjer gjennom miljøprofilen sin å stimulere marknaden i ei berekraftig retning. Økologiske produkt er dyrare i innkjøp, men Skadsheim meiner at næringstettleiken og mettkjensla denne gjev, vil ta inn noko av forskjellen. Samtidig er det viktig å redusere mengda med kjemikalie i maten frå eit helseperspektiv. Ved at ein såpass stor aktør melder interessa si, vil produsentane kunne få avsetjing for ein større produksjon, noko som bør stimulere til lågare prisar etter kvart. Dei vil også ha ein mottakar som treng varer heile året og ikkje berre i sesongen.
Kva skal til for å lykkast?
Skadsheim konkluderer: – For at du skal lykkast med ei økologisk satsing, må avgjerda fastankrast hos toppleiinga. Ikkje berre i føretaka, men også politisk. Det er store utfordringar i å kunne stimulere den lokale marknaden, og vi som innkjøparar føler oss veldig åleine. Det er ønskeleg med støttefunksjonar nasjonalt eller regionalt som kan vere med på å utforme innkjøpsstrategiar med omsyn til lovverket, økologi og økonomi. Ein må gjerne sjå mot løysinga som København kommune har utvikla gjennom sitt Madhus.