Ein må tru at det er mogleg å redde verda, så lenge ein har kunnskapen! - NTNU

NTNU sin visjon, «kunnskap for ei betre verd», vert også spegla i innkjøpsstrategien. Innkjøpar Tove Strømman fortel om korleis det vert jobba systematisk og målretta med etiske innkjøp, som for NTNU inneber både sosialt ansvar og miljøsatsing. Tove har hovudansvaret og vier omtrent ein dag i veka til arbeidet.

Målretta og grundig arbeid

NTNU har sett oss 5 mål vi skal gjennomføre på ein god måte i år. Nokre av krava vil nok halde fram inn i neste år også. Vi skundar oss langsamt og vil vere grundige. NTNU ønsker ikkje å sette krav vi ikkje kan følgje opp, noko som også vert spegla i lov og forskrift. Derfor er vi litt forsiktige no i starten, for så å kome sterkare på banen framover.

Prioriterte mål for 2014:

  • Vi skal fullføre skrivebordskartlegging av risikoområde i våre rammeavtaler
  • Utarbeide krav som skal gjelde i alle utlysingar, der vi først vurderer grad av risiko og deretter set krava der dei passar etter ein gitt standard.
  • Eg skal på kurs i risikokartlegging i oktober.
  • Vi jobbar med å utvikle måleindikatorar/prestasjonsmålingar for framdrifta.
  • Og ikkje minst kommunikasjon både internt og eksternt. Vi har vore litt bakpå når det gjeld å rope ut vårt arbeid høgt, men har lagt ut dei etiske retningslinjene våre/CoC og medlemsrapport med tilbakemelding både på internt nett og eksternt, på heimesida vår.

Forankra i toppleiinga

Vår gamle rektor, Torbjørn Digernes, signerte innmeldinga i IEH like før han gjekk av, og vår nye rektor signerte føreordet i vår første medlemsrapport, og ikkje minst vår «code of conduct». Vi føler at vi har ei tung og god forankring i toppleiinga, og rektor Bovim snakkar om berekraftige innkjøp i mange samanhengar. NTNU har også ein miljøambisjon som fortel om korleis vi i framtida ser for oss at vi skal gjere innkjøp på en samfunnsansvarleg måte. 

Vil stille gode krav som vert følgde opp

Vi har også planar om å legge ut ei oversikt av ei leverandørkjede med oversikt over kor risikoen er. Vi ønsker å vere ærlege og opne, og vil at alle våre interessentar; studentar, rektor, tilsette og innkjøparar skal sjå kva vi gjer og korleis vi gjer det. Det er ikkje enkelt å redde verda, men det betyr jo ikkje at vi ikkje skal prøve!

NTNU går sakte, og det er fordi vi ønsker å lære mest mogleg på vegen og å verte tekne seriøst ved å stille gode, gjennomtenkte krav som vert følgde opp. No utarbeider vi nye rutinar, som mellom anna inneber at etiske kontraktkrav vil vere med i alle våre rammeavtalekontraktar. Viss rammeavtalen er i eit risikoområde for brot på ILO, menneskerettar og/eller negativ miljøpåverknad, vil vi krevje eigenrapportering, eventuelt prøve å anten redusere risiko ved å stille kvalifikasjonskrav, og/eller sette krav i tildeling eller kravspesifikasjon. Ønsket vårt er å dele inn våre rammeavtalar i tre nivå for risiko og etter ei kartlegging kunne avgjere kva risiko kjøpet ligg i, og sette våre krav etter det.

Vi kjem også til å opplyse om dette fokuset tidleg i konkurransegrunnlaget for å førebu leverandørane. Om risikoen er veldig stor kjem vi etter kvart til å forsøke å gjennomføre stadleg kontroll. Der er vi ikkje enno i dag, men om vi kjem dit ei gong så veit vi at IEH og Difi har verktøy og kontaktpersonar som kan hjelpe oss.

Ansvarsfordeling og kompetansebygging

Som ansvarleg for etisk handel på NTNU reiser eg på aktuelle kurs hos IEH og Difi, og informerer og lærer opp mine medarbeidarar etterpå. Det er meininga at eg skal vere ein ressurs som dei andre innkjøparane kan lene seg mot, slik at dei ikkje treng å vite alt, men nok til å sette gode krav og at vi saman kan følge opp leverandøren i etterkant. Vi er 8 innkjøparar på seksjon for anskaffingar, og på seksjonen har vi også bestillarar og fakturamedarbeidarar. Til saman er vi 18 tilsette på denne seksjonen.

På NTNU har vi vedteke at alle bestillingar/avrop på rammeavtalane skal gjerast elektronisk, og i samband med det har vi om lag 150 skulerte bestillarar som får eit 4 dagars kurs om systema og om innkjøp. Dei får også lære litt om vårt samfunnsansvar og korleis dei kan ta bevisste etiske val når dei er i bestillingsaugneblinken. Vi snakkar også om etisk handel på leverandørmesser vi arrangerer, eller er med på. Vi er også med på eit forsøk på å dra i gang knutepunktet igjen i Trøndelag, og vi håper dette samarbeidet kan bidra til at vi alle lærer meir om etisk handel. Alle statusmøte og kontraktsmøte inneheld etisk handel viss det er aktuelt.

Samarbeid om risikokartlegging og oppfølging

NTNU samarbeider allereie med UIO og UIB gjennom ulike fora, og sidan alle tre er medlemmer i IEH forsøker vi å samarbeide også på dette området. For eksempel når det gjeld revisjonar og oppfølging av leverandørkjeder. Planen er at vi reviderer ulike bransjar i løpet av året, slik at UIO, UIB og NTNU ikkje masar på dei same leverandørane. I etterkant er det meininga at vi skal dele på informasjonen som kjem fram, slik at vi alle tre betre kan oppdatere våre risikokart, og på den måten verte meir informerte om risiko, og kunne stille meir fornuftige og aktuelle krav i dei bransjane som er reviderte.

Utfordringar

NTNU vil framover på dette området. Vi vil sette krav som har god verknad, og som vert tekne seriøst. Utfordringane våre er mellom anna at vi som fleire andre er usikre på korleis vi reint praktisk kan stille krava utan å bryte lova. Det er også litt vanskeleg å vite kor mykje ein kan stole på dokumentasjonen som vert sendt til oss når vi krev svar.

Moglegheiter

Moglegheitene slik vi ser det er mellom anna ei betre forståing for marknader og leverandørkjeder, som gir oss enno betre grunnlag for å stille enno betre krav i framtida. Ein må tru at det er mogleg å redde verda, så lenge ein har kunnskapen!

Oppdatert: 12. desember 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.