Snakk med leverandørane om sosialt ansvarleg leverandørkjedestyring - Bergen kommune
Offentlege innkjøparar bør vere på vakt viss leverandørar gir uttrykk for å ha full kontroll over leverandørkjeda når det gjeld å etterleve sosiale kontraktsvilkår. Dette er erfaringa Bergen kommune har gjort seg etter å ha stilt krav til sosialt ansvarleg produksjon i kontraktar med fire leverandørar.
Positiv erfaring med å stille sosiale krav
- Jamt over er vår erfaring positiv, fortel Rune Hagen i innkjøpsseksjonen i Bergen kommune. - Vi opplever både at leverandørane er spente på kva oppfølginga inneber, og at det er stor skilnad på kor stort fokus dei ulike leverandørane har på dette området.
Kommunens innkjøpsavdeling ser ei positiv utvikling i leverandørmarknaden, der leverandørar veit kva det vil seie å følge opp krav til sosialt ansvar i produksjonen av varene kommunen kjøper inn.
Vanskelig å garantere etterleving
Sjølv om leverandørane har auka kjennskap til sosialt ansvarleg leverandørkjedestyring, har Hagen og kollegaane hans gjort seg nokre interessante erfaringar. - Det viser seg at leverandørar som har stort fokus og jobbar mykje med dette, også er dei som i sine svar viser at det er komplekst. Dei kan gjerne vere ærlege på at dei ikkje har full oversikt og kontroll, men skildrar samtidig tiltak for korleis dei prøver å verte enno betre, seier Hagen.
Openheit om svakheiter i kontrollsystema er viktig og bør oppmuntrast i dialogen med leverandørar. Hagen legg til at leverandørar som ikkje har kome så langt i sitt arbeid på dette området, oftare gir uttrykk for å ha full kontroll over leverandørkjeda og produksjonen. Det viser gjerne at jo meir ein arbeider med oppfølging av sosiale krav, dess meir medviten blir ein på kor komplekst dette er og kor vanskeleg det er å garantere noko 100%.
Skap rom for samarbeid og ærlegdom i leverandørdialogen
Med bakgrunn i desse erfaringane gir Hagen nokre råd til korleis ein kan skape rom for ærlegdom i dialogen med leverandørmarknaden. - I møte med leverandøren er det viktig for oss å understreke kor viktig det er at dei ikkje juksar eller held tilbake viktig informasjon i eigenrapporteringa, men at både oppdragsgivar og leverandørane samarbeider om oppfølginga - med det mål å sikre betre kontroll på at dei etiske krava i leverandørkjeda vert etterfølgde.»
Open og ærleg dialog og samarbeid om oppfølginga er dermed to viktige poeng innkjøparar kan ta med seg i sitt arbeid med å stille og følge opp krav til sosialt ansvarleg produksjon.