Sosialt ansvarlege offentlege innkjøp er både riktig og viktig - Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo stiller krav om sosial ansvarlegheit i alle relevante innkjøp. Innkjøpssjef Jacob Landsvik fortel om botnsolid forankring, og om utfordringane.

Ved eit universitet er etiske haldningar og tenkemåtar nødvendig og naturleg. Det gjennomsyrer utdanning, forsking og danning. Så også ved Universitetet i Oslo (UiO), som årleg kjøper for om lag to milliardar kroner. I det reviderte regelverket for UiO som gjeld offentlege anskaffingar, er det lagt føringar for sosialt ansvarlege anskaffingar. Det skjedde for om lag eitt år sidan, i 2013. – I alt vi handlar skal den etiske fana flagge høgt, understrekar Jacob Landsvik. Det er rektor og den høgaste myndigheita ved institusjonen, rektoratet, som har gitt signal om at standarden skal ligge godt «over lista». På den måten er forankringa botnsolid.

Signala frå regelverk-revisjonen er tekne inn i anskaffings-policy’en, der det er krav om sosial ansvarlegheit gjennom leverandørkjeda og i marknaden elles. Krav til miljø og samfunnsansvar er nedfelte i eit eige kapittel blant prinsippa i policy’en, og det skal, ifølge innkjøpssjefen, gjelde i alle anskaffingar der det er naturleg.

Kontrakts- og kvalifikasjonskrav

- Der marknaden ikkje er så moden, nyttar vi kontraktskrav, framheld han. Det gir leverandørane moglegheit til å gjere sine førebuingar, ikkje minst i dialogen med sine underleverandørar. Vi har også prøvd oss med kvalifikasjonskrav. I samband med det er ein sak hamna i KOFA fordi vi avviste ein leverandør som ikkje tilfredsstilte våre krav til sosial ansvarlegheit. Vi er spente på avgjersla til KOFA, og forventar at klagenemnda her ryddar nytt land. I eit land der vi alle er opptekne av å hegne om menneskerettane, må det vere lov å krevje eit minstemål av etisk ansvarlegheit hos leverandørane. Noko anna er rett og slett merkeleg! Her har Difi ei utfordring – dei bør gjere noko med dette.

Også evalueringskriterie er prøvd, der marknaden er moden. Minimumskrav til yting, formulert i kravspesifikasjonen, er eit anna tiltak som UiO har nytta. Landsvik si oppfatning er at leverandørmarknaden er positive til å verte møtt med krav om sosial ansvarlegheit, og at mange har kome godt i gang med å rydde i eige hus. – Vi er avgjort på rett veg, seier han. Men i nokre marknader, eksempelvis bygg og anlegg i tillegg til transport, er ikkje medvitet nådd opp på eit godt nivå enno.

Oppfølging overfor leverandørane

UiO bruker mykje krefter på å følge opp overfor leverandørane. I fjor vart det arrangert ein eigen etikkdag ved universitet, der ein heil dag vart brukt til å gjennomgå og drøfte problemstillingar knytte til universitets etiske reglar og sosial ansvarlegheit jamt over. Ved kvar utlysing er dei etiske retningslinjene med som vedlegg, og ved kvar tilbodskonferanse og tilbodspresentasjon i samband med ny konkurranse høyrer ein gjennomgang av desse retningslinjene med.

- Eg trur at det er viktig å kommunisere dette kravet og desse verdiane overfor leverandørmarknaden på brei front, poengterer innkjøpssjefen. Då aukar medvitet gradvis. Innkjøpsavdelinga ved universitetet, og andre innkjøparar/bestillarar ved institusjonen har sjølv hatt stor nytte av å høyre om Helse Sør-Øst sine erfaringar, og vi har stor nytte av å prøve å følge i deira fotspor. Også på fjorårets etikkdag var Helse Sør-Øst til stades og informerte om sitt arbeid.

I tillegg er det mykje hjelp og støtte å hente hos Difi og Initiativ for etisk handel (IEH). UiO er medlem av IEH, og nyttar så vel dei som Difi i konkrete saker der det er behov for råd. – Vi deltek også på Difi sine opplæringstilbod kva gjeld samfunnsansvar når vi vert inviterte, held han fram, og peiker samtidig på verktøy og malverk som så vel Difi som IEH tilbyr. - Det kan så avgjort anbefalast for alle som ønsker å kjøpe sosialt ansvarleg. Det er ikkje nødvendig å finne opp krutet på nytt.

Saman med Universitetet i Bergen og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) har UiO hatt halvdagsmøte med IEH om problemstillingar knytte til etisk handel. No planlegg innkjøpssjef Landsvik og hans kollegaar å invitere IEH til seg i løpet av hausten for å gjennomføre ein opplæringsdag for alle medarbeidarane i innkjøpsavdelinga.

Kva vert utfordringane i fremtida?

- Vi må halde det globale perspektivet. Handel gjort på rett måte kan bidra til å avhjelpe fattigdommen i verda og få i gang ei utvikling i land som treng det. Paradokset er korrupsjonen som øydelegg mykje. Å nytte offentlege innkjøp som eit verkemiddel til å fremme sosialt ansvarleg utvikling er både riktig og viktig.

Oppdatert: 12. desember 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.