Kontraktsoppfølging, drift og vedlikehald - leige av eigedom

Når leigekontrakten er signert og arkivert må den ikkje gløymast. På denne sida får du rettleiing i korleis du sikrar god oppfølging av krava i leigekontrakten.

Kontrakten skal vere ei rettesnor for oppfølging av leigeforholdet. Det er eit hovudprinsipp at utleigar skal sørge for at bygningen med alle tekniske installasjonar fungerer i samsvar med lovpålagte krav og det som er avtalt med deg som leigetakar. Viss utleigar skal ta på seg andre driftsoppgåver eller tilleggstenester, må det beskrivast i avtalen kva tenester dette gjeld.

Ditt ansvar som leigetakar

Vanlegvis har du som leigetakar ansvar for vanleg vedlikehald av inventar og utstyr som ikkje er ein del av den faste eigedommen. Dette gjeld til dømes:

  • dørlåsar
  • kraner, vatnklosett og varmtvatnsbehaldarar
  • elektriske kontaktar og brytarar

I tillegg har du ansvar for å kontrollere at røykvarslar og brannsløkkingsutstyr fungerer, men det er utleigar som skal sørge for at slikt utstyr finst i leigeobjektet.

Viss utleigaren skal ha ansvaret for nokon av desse oppgåvene, må det altså bestemmast i leigekontrakten. Viss gjenstandar som høyrer til utleigaren skal skiftast ut, er dette vanlegvis utleigars ansvar.

Du pliktar å varsle utleigar om feil og manglar straks du oppdagar feil og manglar.

Reparasjon og oppgradering

Viss utleigar skal reparere eller oppgradere leigeobjektet medan du leiger der, er det viktig at de lager ein klar og skriftleg avtale før arbeida tar til. Avtalen bør regulere når arbeida skal gjerast (tidsperiode, dagtid/kveldstid) og korleis desse skal gjerast slik du og din organisasjon får minst mogleg ulemper med arbeida. Viss arbeida er så omfattande at organisasjonen ikkje får tilgang til lokala, eller får reduserte moglegheiter til å bruke dei, kan de verte einige på førehand om at du skal få kompensasjon, som t.d. redusert husleige så lenge arbeida er i gang.

I nokre tilfelle ønsker utleiger å auke husleiga som ei følge av utbetringsarbeid. I slike tilfelle kan det vere ein god idé å ta kontakt med teknisk og juridisk fagkyndig personell for å få råd om det stemmer at utleigar har krav på dette.

Møte med utleigar

Nokre utleigarar har system for fast oppfølging av sine leigetakarar. Viss det ikkje er etablerte rutinar for dette, kan du be om det. Det er vanleg å ha møte kvart kvartal for oppfølging av garantisaker, fellestenester, drift og vedlikehald.

Her er det viktig å vere merksam på skiljet mellom reklamasjonssaker/garantisaker som gjeld arbeid for å oppfylle krava i leigekontrakten, og arbeid som er knytt til dagleg forvalting, drift og vedlikehald som vert dekt av husleiga.

Fast agenda for møta

Det er greitt å ha ein fast agenda for desse møta slik at dine og utleigar sine plikter og ansvar er tydeleg avklarte for begge partar. Aktuelle tema:

  • korleis og når leigeobjektet skal haldast ved like
  • om dei avtalte driftstenestene fungerer som forventa, til dømes
    • kvaliteten på reinhaldet
    • prisnivå og tilbod i kantine
    • kvaliteten på tilgangskontroll og sikkerheit
  • oppfylling av tekniske krav, slik som:
    • Energiforbruk
    • Luft- og temperaturforhold
  • Regulering av husleige i samsvar med kontrakten

Avvik frå kontrakt

Det kan vere at utleigar ikkje leverer tilfredsstillande kvalitet verken for leigeobjektet eller dei tilleggstenestene han har tatt på seg. Kva rettar leigetakar har vert regulert av leigekontrakten og husleigelova. Avhengig av kor alvorlege manglane er, og kor lang tid manglane har/vil gjelde, kan du halde tilbake leige, be om prisavslag, erstatning og i ytste konsekvens heve leigekontrakten.

Oppdatert: 12. desember 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.