Her får du nokre tips til korleis du kan søke i nye Doffin og ein introduksjon til søkefiltera. Du får og ei forklaring av dei mest vanlege begrepa og forkortingane.
Søk frå forsida
Det første som møter deg på forsida til Doffin.no, er ein søkeboks. Her kan du skrive inn det du ønsker å søke etter. Du har også molegheit til å søke blankt for å få opp alle resultata i Doffin.
I søkefeltet kan du velje å filtrere direkte på ein eller fleire av dei tre fasene for kunngjeringer, "Planlagte konkurranser", "Aktive konkurranser" og "Resultat av konkurranser". Etter dialog med leverandørar har vi sett at det største behovet leverandørene har, er molegheiten til å se aktive konkurransar, altså dei konkurransane der fristen ikkje er utløpt, slik at ein fortsatt kan levere tilbod på dei. Derfor har vi satt dette som førehandsval ved søk. Du kan velje å søke i alle faser.
Frå forsida kan du velje å gå rett til oversikten over kunngjorte kontraktsinngåingar og aktive, dynamiske innkjøpsordningar som leverandørar kan kvalifisere seg inn i.
Fritekstsøk
Fritekstsøket søker i fleire relevante felt i kunngjeringa.
Dersom eit søkeord førekjem ofte i kunngjeringa, vil dette havne øverst på lista. Søkeresultatet blir som standard presentert etter publiseringsdato, og du kan velje å endre til tilbudsfrist og relevans.
Søker du på fleire søkeord utan hermeteikn, vil du få treff på heile søkeord eller delar av søkeordet. Du kan kombinere fritekstsøk med filtervalg på søkesida.
Søkefeltet
Når du skriv i søkefeltet, får du automatisk opp forslag på oppdragsgivar og CPV-kodar.
Ver klar over at du må søke på namnet/tittelen på CPV-koden – det er ikkje mogleg å søke på talkoden. Dersom du ønsker å spisse søket ditt til ein oppdragsgivar eller CPV-kode, kan du klikke på forslaget. Du kan legge til fleire oppdragsgivarar eller CPV-kodar i søket ditt ved å gjenta steget.
Slik er det også for leverandørar. Ved å søke på ein leverandør og klikke på forslaget, vil du få opp kva kontraktar den valde leverandøren har fått tildelt. Ved å filtrere på leverandør vil du berre få treff på kunngjøringstypar frå fasen «resultat».
Forklaring av søkefilter
Når du gjer eit søk i Doffin, vil URLen for sida endre seg med kvar filtrering du legg til. Dersom du har faste søk med fleire ulike filtreringar, kan du lagre desse URLane i nettlesaren din og gjenbruke så ofte du ønsker.
Kunngjeringstype
Du kan søke etter kunngjeringar i ein eller fleire av dei tre fasane ei kunngjering kan ha. Pass på at du har valt rett fase for det du søker etter – du får ingen treff om du søker etter ei utlysing som er publisert under planleggingsfase om du har valt "aktive konkurransar".
- I fasen «planlegging» vil du kunne finne kunngjeringar som omhandler planlegging av ein mogleg framtidig konkurranse. Dette kan vere ei markedsundersøking, ein invitasjon til dialogmøte, eller ein forespurnad om informasjon frå marknaden innanfor spesifikke område (RFI).
- I fasen «konkurranse» vil du finne alle kunngjeringar som inneber ein konkurranse der leverandørar har høve til å levere tilbod. Dette omfattar alminneleg kunngjering av konkurranse, og førehandskunngjering, dynamiske innkjøpsordningar og kvalifikasjonsordningar.
- I fasen «resultat» vil du finne utfallet av gjennomførte konkurransar. Du kan blant anna sjå
- kva kontraktar det offentlege har inngått i kunngjering av kontraktsinngåing
- kva kontrakter dei har planar om å inngå utan å halde konkurranse, kjend som intensjonskunngjering
- endringar av inngåtte kontraktar
- konkurransar som er avlyst eller som manglar eit utfall
Status
Kunngjeringar i planleggingsfasen og konkurransefasen kan ha ein status, mens kunngjeringar i resultatfasen ikkje vil ha ein status. Dei ulike statusane blir brukt for å klassifisere kunngjeringane. Alle kunngjeringar som er aktive, har ein frist som ikkje er passert, det vil seie at det er noko som det kan leverast inn anten eit tilbod på, eller eit tilsvar. Kunngjeringar med status utgått vil seie at tidsfristen for å levere inn noko, har passert, men at det enda ikkje er kunngjort eit utfall som vil kunne endre status til tildelt eller avlyst.
Hovudelementet til kontrakten
Under hovudelementet til kontrakten kan du filtrere etter varer, tenester og bygg og anlegg. I kontraktar med ulike typar ytingar er det ytinga med høgast verdi som utgjer hovudelementet til kontrakten.
Kunngjeringsdato
Du kan søke på kunngjeringar kunngjort før eller etter ein spesifikk dato, eller i eit tidsintervall.
Stad for gjennomføring
Du kan søke på kunngjeringar basert på stad for gjennomføring. Ver klar over at ikkje alle kunngjeringar inneheld stadskodar – eit slikt søk kan derfor gi ufullstendig resultat.
Forklaring av omgrep og forkortingar
Omgrep og forkortinger | Forklaring |
Doffin | Den nasjonale kunngjøringsdatabasen i Norge |
eForms | Namnet på dei nye kunngjeringsskjemaene frå EU |
KGV | Konkurransegjennomføringsverktøy |
Anskaffelser.no | Fagsider om offentlege anskaffingar |
Kunngjøring | Ei kunngjering er ei melding som inneheld informasjon om ei anskaffing, konkurranse eller konsesjon. Konkurransegrunnlag, dokument, meldinger og anna informasjon som blir lagt ut på Doffin og blir gjort tilgjengeleg i samband med ei kunngjering, er ikkje å anse som ein del av kunngjeringa, men er tilleggsinformasjon på lik linje med møter, e-postar og tilsvarande informasjonsutveksling oppdragsgivar utøver i samband med ei kunngjering. |
Kunngjøringsskjema | Eit kunngjeringsskjema er ei samling av spørsmål og informasjonsfelt som skal bli besvart og fylt ut av den som kunngjer. |
LOA | Lov om offentlige anskaffelser (LOV-2016-06-17-73) |
Anskaffelsesforskriften | Forskrift om offentlige anskaffelser (FOR-2016-08-12-974) |
Forsyningsforskriften | Forskrift om innkjøpsregler i forsyningssektorene (FOR-2016-08-12-975) |
Konsesjonskontraktsforskriften | Forskrift om konsesjonskontrakter (FOR-2016-08-12-976) |
FOSA | Forskrift om forsvars- og sikkerhetsanskaffelser (FOR-2013-10-04-1185) |
Dynamisk innkjøpsordning (DIO / DPS) | Ei dynamisk innkjøpsordning (DIO), på engelsk Dynamic Purchasing System (DPS), skiller seg frå ein tradisjonell rammeavtale for levering av varer eller tjenester ved at det er eit elektronisk system som leverandørane kan slutte seg til når som helst. Ei dynamisk innkjøpsordning er ei "open market"-løysing, som har som mål å gi offentlege innkjøparar tilgong til ei samling av førehandskvalifiserte leverandørar. Ei dynamisk innkjøpsordning egner seg for kjøp av standardiserte varer, tenester og bygge- og anleggsarbeider. |
CPV og CPC | CPV viser til EU-kommisjonens produkt- og tenestekoder. CPV-kodar blir brukt i kunngjøringene i databasene Doffin og Ted. Ved å gruppere anskaffelser etter ulike CPV-kodar, blir det enklare for leverandørane å søke etter relevante kunngjeringar i databasane. |
ESPD | Det europeiske egenerklæringsskjema (ESPD – European Single Procurement Document) |
Leverandør | Brukarar som nyttar Doffin til å finne kunngjeringar |
NFD | Nærings- og fiskeridepartementet |
OJ/TED | Official Journal / Tender Electronic Daily, http://ted.europa.eu |
Oppdragsgivar | Verksemdene som er ansvarlige for kunngjering av informasjon knytta til ein eller fleire konkurransar/oppdrag. Dekker også konsesjonshavarar som kunngjer. |
Publications Office | Publications office of the European Union |
For fleire definisjoner, sjå anskaffelsesordboka.