Kva må du tenkje på når du skal førebu og gjere ombyggingar og oppgradering av bygg eller anlegg.
Behovet for ei større endring av bygg eller anlegg på ein eigedom kan utløysast av status for vedlikehald, endra behov som nye arbeidsmetodar eller lovpålagde krav. Som byggeigar har du i praksis tre val:
- Oppgradering og ombygging: Her inngår oppussing, rehabilitering, ombygging og andre oppgraderingstiltak. Ofte vil desse tiltaka krevje eit investeringsbudsjett. Mindre endringar kan gjennomførast med vedlikehaldsmidlar.
- Byggeprosjekt: Om kartlegging av grunnlaget tilseier at det må gjennomførast eit større byggeprosjekt, må dette utgreiast nærmare. DFØ har omfattande rettleiing for innkjøp i ein byggeprosess.
- Avhending av eigedomen med innkjøp av ny eigedom, eventuelt inngå leigekontrakt: Statlege aktørar må då vere merksame på instruks for avhending av statleg eigedom m.v. Om leige er aktuelt, tilrår vi at du ser på DFØ sin rettleiar om leige av eigedom.
Kartlegging, vurdering av alternativ og utgreiing av konsekvensar
Først må den tekniske tilstanden til bygget og brukarane sine behov utgreiast. Dette kan resultere i følgande alternativ:
- Riving og bygging av nytt
- Større rehabilitering og eventuelt ombygging
- Mindre rehabilitering
- Sal av eigedom og flytting eller omlegging av infrastruktur
Det er mange tilhøve som må vurderast for kvart av desse alternativa.
Det er avgjerande for ei trygg prosjektgjennomføring at dei råka partane får uttale seg og blir høyrde. Ei samla vurdering av investeringskostnad og drifts- og vedlikehaldskostnader for heile levetida (livssyklusutrekningar) bør vere med i ei konsekvensutgreiing. Les meir om LCC.
Du kan også kartleggje CO2-utslepp frå materialbruk, anlegg og konstruksjon, energibruk og transport til og frå bygget, og ta med dette i konsekvensutgreiinga.
Førebuing til oppgraderings- og ombyggingsprosjekt
Tilhøve som det kan vere aktuelt å avklare tidleg:
- Føresetnadene til tomta
- Nærmiljø og naboar
- Brukarane sine behov
- Driftsmessige føresetnader etter at bygget eller anlegget er ferdig dimensjonert
- Spesielle funksjonelle behov
- Livssykluskostnadar (LCC)
- Aktuelle standardar som skal leggast til grunn
- Kulturminneomsyn
- Universell utforming
Det vil som regel vere behov for ei økonomisk avklaring med brukaren av bygget eller anlegget. Oppgraderings- eller rombyggingsprosjekt kan føre med seg auka husleige eller andre kostnadsendringar, og det er viktig at brukaren får presentert dette tidleg.
Det kan vidare vere behov for å velje ein gjennomføringsmodell. Val av entrepriseform avheng av storleiken på prosjektet, kompleksiteten eller behovet for å detaljstyre val av løysingar. Sjå informasjon om gjennomføringsmodellar for meir informasjon om val av entrepriseform. Vi har også utarbeidd ein entrepriserettleiar som hjelper deg i prosessen.
Du kan vurdere å utarbeide eit forenkla program for prosjektet. Uansett bør det ligge føre klare styrande dokument som kan bidra til å sikre forankring hos leiinga.
Innkjøp til ombygging og oppgradering
I utgangspunktet gjeld dei same krava til innkjøp ved ombygging og oppgradering av eit bygg eller anlegg som ved eit ordinært byggjeprosjekt.
Sjå til dømes fasane Konkurranse arkitekt/rådgjevar «Konkurranse entreprenør totalentreprisar» i byggjeprosessen for meir informasjon om gjennomføringa av innkjøpa.
Oppfølging av prosjektet
Det er viktig at byggherren klargjer internt i eigen organisasjon korleis prosjektet skal følgjast opp. Om det er driftsleddet som får dette ansvaret, må styresmaktstilhøve knytt til økonomi, tidsstyring og handtering av endringar avklarast. Klare tidsplanar med milepælar vil lette oppfølginga.