Leiemodell og tilbakekjøp - OPS

Ein OPS-kontrakt kan klassifiserast som ein finansiell eller operasjonell leigekontrakt. Utleigaren tek den finansielle risikoen ved operasjonell leige og oppdragsgjevar ved finansiell leige.

Det har vore gjennomført OPS-prosjekt av både finansiell og operasjonell leigekontrakt i Noreg. Det avheng frå prosjekt til prosjekt kva slags kontrakt som løner seg, eller som føretrekkast av leverandør og oppdragsgjevar. Ved å opne for alternative leigemodellar i konkurransen, blir prosjektet interessant for fleire tilbydarar enn om oppdragsgjevar har bestemt seg for ein bestemt modell på førehand.

Du bør gjere ei rekneskapsmessig-, avgiftsmessig og skattemessig vurdering og avklaring av om leigetilhøvet bør vere av finansiell eller operasjonell art. Feil klassifisering av avtalen kan resultere i bøter i etterkant.

Finansiell leige

Den som tar den finansielle risikoen definerer kven som har eigarskapet til objektet. Ved finansiell leige er det oppdragsgjevar som har den finansielle risikoen. I dette tilfellet vil det vere låg eller vederlagsfri overføring ved avslutta leigeperiode. Ved avslutta leigeperiode får offentleg oppdragsgjevar tilbod om å kjøpe tilbake bygget eller anlegget til marknadspris.

Operasjonell leige

Utleigaren har den finansielle risikoen ved operasjonell leige. Rekneskapsmessig behandlast operasjonell leige som ein kostnad og ikkje ei investering for oppdragsgjevar. Dette gjer at leiga (som i prinsippet består av renter og avdrag) kan utgiftsførast i sin heilskap. Leigeobjektet kan derimot ikkje aktiverast i oppdragsgjevars rekneskap, noko som gjer at du mistar høvet for avskrivingar.

Ettersom objektet korkje kan eller skal aktiverast i rekneskapsbalansen, vel ofte norske kommunar denne finansieringsforma. Ei aktivering vil føre med seg redusert handlefridom for oppdragsgjevar fordi det aukar gjeldsgraden, og såleis høvet til å finansiere andre objekt.

Tilbakekjøpssum

Tilbakekjøpssum er summen bygget eller anlegget «kjøpast tilbake for» etter avslutta leigeperiode. Tilbakekjøpssummen har noko å seie for om kontrakten blir rekna som finansiell eller operasjonell leige. Dette påverkar kontantstraumen i prosjektet.

  • Operasjonell leige gjev høgare tilbakekjøpssum og lågare årleg leige
  • Finansiell leige gjev lågare tilbakekjøpssum og høgare årleg leige

Sjå også

Andre sider på anskaffelser.no
Oppdatert: 12. desember 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.