Så mykje som 75 prosent av driftskostnadane for eit datasenter er knytt til straumbruk. I eit livssyklusperspektiv gir sjølv små reduksjonar i energibruken store utslag både på CO2-utslepp og på straumrekninga.
6 tips for energisparing
Datasenteret er eit bygg, eller eit større område i eit bygg, som er reservert for IKT-utstyr, serverar, backup, straumforsyning og sikkerheitssystem. IKT-utstyret er oftast serverar, datalagringssystem og datakommunikasjonsutstyr.
1. Skru av lyset
Datasenter er for det meste ikkje bemanna, og behovet for lys er lite:
- Installer automatisk sløkking og rørslesensorar for å regulere lys
- Bruk LED-lys som krev lite energi
2. Optimaliser kjøling
Serverar og maskiner produserer mykje varme og har behov for kjøling. Kjøling står for 30-50 prosent av energibruken i eit datasenter.
Mange datasenter vert kjølte ned til 21-24 grader, mellom anna for å auke levetida på maskinvara, basert på anbefaling frå leverandørar. I realiteten er levetida på dagens maskinvare såpass kort at temperaturen betyr lite. 27 grader er låg nok temperatur på kjølelufta, ifølge American Society of Heating, Refrigerating and Air-Conditioning Engineers (ASHRAE). Dei hevdar også at temperaturen på kjølingsvatnet kan aukast frå ca. 10 grader til nærare 20 grader.
- Bruk gratis kjøling utanfrå i staden for kompressordriven kjøling
- Lag eit fysisk skilje mellom "kalde" og "varme" sonar, tilsvarande kjøleområdet i matvarebutikkar
3. Vel energieffektiv maskinvare og straumforsyning
- Sjekk straumbruken på maskinvara og still krav om Energy Star
- Er det ekstern straumforsyning, vel lågast mogleg straumforbruk
4. Bruk om overskotsvarme frå maskinane
Datasenter lager store mengder varme, og det kan gi store gevinstar å bruke overskotsvarmen, til dømes til oppvarming av kontorlokala i den kalde årstida.
5. Konsolider og virtualiser serverar
- Konsolider gjennom å slå saman fleire serverrom til nokre få store datasenter
- Virtualiser gjennom å dele opp ei fysisk maskin i fleire virtuelle. Desse maskinane oppfører seg som fysisk ulike maskinar, noko som igjen gir plass- og straumsparing. Cloud baserer seg på virtualiseringsteknologi.
6. Mål og overvak energibruken
Energieffektiviteten til eit datasenter vert målt i PUE 0150 Power Usage Effectiveness. PUE = Total energibruk for datasenteret / IT-energibruken.
- Vi anbefaler kontinuerleg måling og benchmarking av energibruken på minimum den totale energibruken til serverane, men aller helst også separat måling av alle komponentane (server, kjøling, backup, annan maskinvare)
- Overvaking av serverar kan identifisere kva serverar som står på utan å vere i bruk (zero load), noko som kan vere så mykje som 70 % av maks energibruk.