SOA Berekraft med oppdatert sertifiseringstest

Stadig meir vekt på berekraft i offentlege innkjøp, har gjort det nødvendig å oppdatere både fagplanen og sertifiseringstesten SOA Bærekraft. No kan du ta den oppdaterte testen.

Logo for SOA Bærekraft
Logo for SOA Bærekraft

SOA skal bidra til å auke kompetansen på berekraftige innkjøp i det offentlege. Innkjøparar kan gå på kurs basert på fagplanen, og dokumentere kompetansen sin med eit sertifiseringsbevis.

– Mange kjenner på kroppen korleis dei auka forventningane til berekraftige innkjøp fører med seg eit behov for endå meir kompetanse. DFØ får mange førespurnader frå innkjøparar som er usikre på korleis dei kan innrette innkjøpa sine i tråd med til dømes dei skjerpa krava til klima og miljø, seier seniorrådgivar Siv Helen Egelund Gjerstad i SOA sekretariatet.

SOA bidreg til ei systematisk kompetansebygging innanfor berekraftige innkjøp. Endringane i fagplanen omfattar mellom anna dei nye reglane om vekting av klima- og miljøkriterium, oppdaterte krav til lønns- og arbeidsvilkår, og openheitslova.

Publisert: 5. februar 2024

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Nei