Spørsmål og svar frå oppdragsgivarar om det europeiske eigenerklæringsskjemaet (ESPD).
ESPD er obligatorisk å bruke i anskaffingar over EØS-terskelverdi.
Korleis lagar eg ein ESPD-førespurnad?
Den kan du lage i dykkar konkurransegjennomføringsverktøy (KGV). Snakk med support for ditt KGV om du lurar på korleis.
Kan eg bruke ESPD under terskelverdi?
Ja, det kan du, jf. anskaffingsforskrifta § 8-10.
Korleis kan leverandør fylle ut ein ESPD?
I dei fleste KGV har leverandør mogelegheit å fylle ut ESPD-skjemaet samstundes som dei leverer sitt tilbod.
Kor finn eg ESPD-skjemaet?
ESPD-skjemaet finn du i oppdragsgiver sitt konkurransegjennomføringsverktøy (KGV). Alle KGV har funksjonalitet for utfylling og levering av ESPD-skjemaet. Viss du vil sjå korleis skjemaet ser ut, finst ein PDF-kopi. Du kan ikkje fylle ut PDF-en, den er berre for vising.
Finst det nasjonale avvisingsgrunnar som nemnt i ESPD-skjemaet del III D?
Ja, dei norske anskaffingsreglane går lenger enn EUs direktiv om offentlege anskaffingar i to tilfelle, jf. FOA § 24-2. Sjå meir informasjon om dette i rettleiinga til Nærings- og fiskeridepartementet. Det vil seie at norske oppdragsgivarar alltid skal krysse av for dette valet, og opplyse om dette i konkurransegrunnlaget eller kunngjeringa.
Kva underleverandørar må det leverast ESPD for?
Viss ein leverandør må støtte seg på ein annan leverandør sin kompetanse eller kapasitet for å oppfylle eit kvalifikasjonskrav, må det leverast separat eigenerklæring for denne leverandøren. Utover dette treng ikkje underleverandørar å levere eigenerklæringar.
Treng vi forpliktingserklæring når vi har ESPD?
Forskrift om offentlige anskaffelser stiller krav om at ein leverandør som støtter seg på kapasiteten til andre verksemder skal dokumentere at han rår over dei nødvendige ressursane, til dømes ved å legge fram ei forpliktingserklæring, jf. FOA § 16-10(2).
Denne bestemminga gjeld i tillegg til bestemminga om ESPD. Viss leverandøren støtter seg på kapasiteten til andre verksemder må det dermed leverast både forpliktingserklæring, eller tilsvarande, og ESPD for dei aktuelle verksemdene.
Må eg lage ei ESPD-førespurnad for kvar anskaffing?
Ja, men i nokre KGV-system kan du bruke om att den du har brukt tidlegare eller lage ei mal i ditt KGV. Snakk med support for ditt KGV.
Kva er forskjellen på ein ESPD-førespurnad og ei ESPD-erklæring?
ESPD-førespurnad er det "skjemaet" oppdragsgivar ber alle leverandørar som ønsker å levere tilbod til ei konkret anskaffing om å svare på. ESPD-erklæring er din utfylte ESPD-førespurnad som du sender saman med tilbodet ditt.
Kan oppdragsgiver avvise tilbudet dersom ESPD er fylt ut feil eller ESPD ikke er sendt inn?
Oppdragsgiver kan ikke uten videre avvise leverandør som ikke har levert ESPD eller har levert en mangelfull ESPD. Oppdragsgiver må forta en konkret vurdering om en ettersendelse eller komplettering av ESPD vil medføre at tilbudet forbedres, og at kravene til likebehandling og gjennomsiktighet må overholdes.
KOFA sak 2017/95 angir at det ikke oppstår noen automatisk avvisningsplikt om leverandør har unnlatt å levere en ESPD eller har levert en ufullstendig ESPD, og at oppdragsgiver må ta en konkret vurdering opp mot hvilke krav som er etterspurt i ESPD. Kofa legger til grunn at adgangen til å få ettersendt, supplert, avklart eller be om utfyllende opplysninger også omfatter ESPD, jf. FOA § 23-5 første ledd.
KOFA sak 2018/526 gjelder også klage på at leverandør ikke hadde fylt ut at han støttet seg på andre for å oppfylle kvalifikasjonskravene. Anførslene førte ikke frem.
Se også vår artikkel om mulighetsrommet for avklaring og ettersendelse.
Les meir om ESPD i anskaffingsprosessen
Fleire spørsmål
Eventuelle spørsmål til rettleiingsstoffet kan sendast til e-postadressen under. Du kan rekne med å få svar innan ei arbeidsveke.