Statens innkjøpssenters samfunnsoppdrag

Historikk, bakgrunn og mandat for Statens innkjøpssenter.

Statens innkjøpssenter blei etablert 1. januar 2016.

Vi som arbeider i innkjøpssenteret, har til saman brei erfaring både frå privat og offentleg verksemd. Vi har kjernekompetanse innanfor marknads- og reknskapsanalyse, innkjøp og logistikk, leverandørutvikling, regelverket om offentlige anskaffingar, kategoristyring og avtaleforvaltning.

Målet og samfunnsoppdraget til Statens innkjøpssenter er «å få omstilling til å skje, ved å inngå og forvalte statlege fellesavtalar for statlege forvaltningsorgan i sivil sektor». Slike fellesavtalar vil vere aktuelt for avtaleområde der varer og/eller tenester oppfyller desse krava:

  1. Stort volum, målt i kroner og/eller einingar
  2. Like brukarbehov, blant dei som omfattast av ordninga
  3. Generelle krav, med lite behov for individuell tilpassing
  4. Bidreg til økonomiske gevinstar
  5. Held oppe konkurranse i marknaden

Statlege fellesavtalar skal skape ein enklare og effektiv innkjøpskvardag for statlege innkjøparar, avroparar og bestillarar, samt hauste verdiar i form av auka ressursmobilitet og auka handlefridom hjå den einskilde verksemda.

I samarbeid med statlege verksemder skal DFØ og Statens innkjøpssenter støtte Regjeringa si satsing om «å fornye, forenkle og forbetre Noreg». Dette gjer vi gjennom auka digitalisering, regelverksetterleving, behovsdekking, konkurranse og effektivisert utnytting av skattebetalarane sine kroner.

Veiledere

Meir innhald om Statens innkjøpssenters samfunnsoppdrag

Oppdatert: 18. desember 2024

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.