EHF ordreforslag
EHF ordreforslag (EHF Order Agreement) lar oppdragsgjevar dokumentere kjøp av tenester utført i leverandøren sine system eller tenester utført basert på rammeavtalar.
Status for formatet
I produksjon.
Føremål: Dokumentere kjøp av varer eller tenester utan ei forutgåande bestilling
EHF ordreforslag kan brukast i bestillingsprosesser der
- prisar på tenester fastsetjast på bestillartidspunktet
- tenester utførast basert på ein vedlikehalds- eller utviklingsavtale, utan ei forutgåande direkte bestilling
Døme på dette er
- bestilling av billettar i bestillingssystemet til eit flyselskap
- ein røyrleggjar som utbetrar ein lekkasje på ein skole og sender kostnader på materiale og brukt tid i etterkant til oppdragsgjevar
- ein konsulent som rapporterer inn timar brukt for ein avgrensa periode på eit stort prosjekt
Formatet lar leverandør og oppdragsgjevar nytte sine eigne system til å utveksle og lagre strukturerte data i slike tilfelle, og dermed også bruke dataa vidare i kjøpsprosessen tildømes å matche faktura.
Teknisk informasjon EHF Ordreforslag
EHF Order Agreement teknisk spesifikasjon
Fordelar med å ta i bruk formatet
For oppdragsgjevarar
- Får maskinlesbar dokumentasjon på varer og tenester som er kjøpt utan forutgåande bestilling.
- Bruke lagra informasjon til å matche pakksedel og faktura.
- Mulighet å kategorisere varer og tjenester ved bruk av standard klassifiseringskode UNSPSC
For leverandørar
- Kunne bruke sitt eige system mot systemet til ulike oppdragsgjevarar, for stadfesting og innrapportering av utført arbeid og kostnader som må dekkast.
- Kunne gjenbruke informasjonen til å fakturere oppdragsgjevar.
- Mulighet å kategorisere varer og tjenester ved bruk av standard klassifiseringskode UNSPSC