Ei kunngjering eller ein annonse der du søker etter utleigarar og eigna leigeobjekt gir ei god oversikt over kva marknaden har å tilby.
Leige av eksisterande lokale er ikkje omfatta av anskaffingsforskrifta. Det er derfor ikkje eit krav om at leigekontrakten må kunngjerast i Doffin. Anskaffingslova seier likevel at offentlege leigetakarar skal sikre seg at ein får konkurranse og opptre i samsvar med god forretningsskikk. Det betyr at du må avklare kva passande leigeobjekt som finst i marknaden. Dette kan gjerast på fleire måtar:
- Frivillig kunngjering i Doffin
- Annonsering i lokale og regionale media
- Marknadsundersøkingar
- Direkte kontakt med aktuelle utleigarar
Kva for ein av dei nemnte metodane som er best, vil avhenge av kor stort lokale ein ønsker å leige, kor lenge leigeavtalen skal vare og tilbodet i den lokale marknaden. Den beste metoden for å sikre konkurranse vil mest sannsynleg vere annonsering supplert med ein eller fleire av dei andre metodane.
Det er eit generelt råd at ein ikkje stiller for detaljerte krav til leigeobjektet i kunngjeringa og/eller annonsen slik at ein ikkje hindrar konkurranse på ein unødvendig måte.
DFØ sin dokumentpakke for leige av eigedom inneheld eit forslag til annonsetekst.