Marknadsundersøking
Korleis er konkurransesituasjonen? Kan marknaden levere ei løysing som møter behovet vårt? Kartlegginga vil danne grunnlag for vidare planlegging.
Formålet med denne aktiviteten er å få en første oversikt om konkurransesituasjonen på mulige markeder og et grovt estimat på kostnadsbildet.
Kartlegginga skal danne grunnlag for å avgjere om formålet skal dekkast ved ei anskaffing og for ein seinare analyse av konkurransesituasjonen. På dette stadiet i prosessen gjer du hovudsakleg undersøkingar utan å oppsøke leverandørar (skrivebordsundersøking).
Sjølv om verksemda di har hatt tilsvarande utfordringar tidlegare, vil det høgst sannsynleg ha skjedd mykje sidan sist. Det kan vere endringar i organisering av tenesta, av organisasjonen, utvikling blant anna teknologisk og metodemessig, og ny kunnskap og nye moglegheiter. Endringar som følge av regelverk eller pålegg vil også kunne medføre at ytinga må gjennomførast på ein annan måte.
Eksempel på spørsmål som bør kartleggast
- Kva slags erfaring har verksemda frå tidlegare behovsdekning av tilsvarande utfordring/formål? (Statistikk, andre tilsvarande behovsdekningar / løyste utfordringar?)
- Kva slags erfaring har andre verksemder med tilsvarande behov? Her kan Doffin vere ei eigna kjelde for å finne verksemder med tilsvarande behov.
- Synest det som om marknaden kan levere ytingar som møter det utfordringsbildet / formålet / dei behova de har kartlagt?
- Synest det som om marknaden kan levere meir klimavenlege og mindre miljøbelastande ytingar?
- Synest det som om det kan vere risiko for brot på lønns- og arbeidsforhold for denne typen ytingar?
- Synest det som om det er mange eller få leverandørar? Dette vil kunne verke inn på blant anna seinare avgjerd om delkontraktar for å sikre optimal konkurranse no og på sikt.
- Synest det som om det er store eller små leverandørar? Også denne informasjonen kan verke inn på avgjerd om delkontraktar.
- Kvar finst leverandørane, i Noreg eller internasjonalt? Dette vil kunne verke inn på seinare avgjerd om kva språk konkurransedokumenta bør utformast på. I tillegg kan produksjonsland verke inn på om det bør stillast etiske og miljørelaterte krav.
- I anskaffing av varer, tenester, bygg og anlegg over EØS terskelverdiar: Er leverandørane kjende med utfordringar knytte til løns- og arbeidsvilkår ved denne typen anskaffing?
- Korleis er trendane? Synest det å vere ei utvikling på marknaden? Kan det vere heilt andre marknader eg bør sjekke?
- Er det andre verksemder som har relevant erfaring?
- Kva er realistisk kostnadsnivå (grovt sett)?
- Kva for ei teknologisk modning går ein ut frå at leverandørane har, og kva tiltak må eventuelt settast i verk?
Eksempel på kjelder til marknadsundersøkeingar
- Enkelt søk på internett
- Bruke nettverket sitt
- Sosiale medium som LinkedIn, Facebook
- Kva skjer i EU på området?
- Messer og konferansar
Marknadsundersøking er første steg i ein meir omfattande dialog med marknaden.