Vedta anskaffing
Føremålet med eit formelt vedtak (mandat), er å sikre forankring frå den som er delegert myndigheit til å godkjenne at arbeidet med ei anskaffing vert starta opp.
Malen for mandat har eit samlefelt på forsida som viser vedtaket. Feltet viser:
- Saksbehandlar
- Kven som har godkjent avgjersla og denne si funksjon/rolle
- Dato for vedtaket
- Sjølve vedtaket
Viss du ikkje bruker malen, anbefaler vi likevel at punkta over vert formulert og dokumentert i tråd med rutinane i verksemda.