Innsyn og offentleghet

Utgangspunktet er at alle saksdokument i offentleg forvaltning er offentlege og opne for innsyn. Dette følgjer av lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd av 19.05 2006 nr. 16 (Offentleglova). Føremålet med lova er blant anna å leggje til rette for ei open og gjennomsiktig forvaltning.

Retten til innsyn gjeld også saksdokument som blir produserte i samband med offentlege anskaffingar. Lova inneheld likevel nokre unntaksreglar det er viktig å kjenne til:

  • Dersom dokument inneheld opplysningar som er omfatta av teieplikt (til dømes forretningsløyndomar i tilbod) skal dette vere unnateke frå retten til innsyn, jf Offentleglova § 13.
  • § 23 i lova opnar for at det kan gjerast unntak av omsyn til det offentlege sin forhandlingsposisjon. For saker som gjeld anskaffingar kan det gjevast unntak for innsyn for protokoll og tilbod fram til val av leverandør er gjort.

Krav om innsyn skal behandlast utan ugrunna opphald. Kva som skal reknast som ugrunna opphald må vurderast konkret, blant anna ut frå om innsynskravet reiser vanskelege spørsmål og kva omfang kravet har. Dersom det ikkje har kome svar på kravet om innsyn innan fem arbeidsdagar, blir dette rekna som eit avslag som kan påklagast, jf. § 32. Sjå rettleiing ved mottatt krav om innsyn.

For oppdragsgivere som ikkje er omfatta av offentleglova gjelder innsynsretten for vare og tjenesteontrakter over 10 mill. NOK eks. mva. og for bygge- og anleggkjøp over 96 mill. NOK eks. mva. (forskrift 12.08.2016 nr. 974) § 7-3).

Les meir utfyllande rettleiing om reglane om offentlegheit og offentlege anskaffingar i «Rettleiar til Offentleglova» og i fortolkingsfråsegn frå Justisdepartementet.

Meir innhald om Innsyn og offentleghet

Oppdatert: 12. desember 2022

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord