Miljøavtale leige

Norsk Eiendom har utvikla ein miljøavtale som kan brukast ved leige av eigedom. Med slike avtalar kan du som leigetakar bidra til å redusere miljøpåverknaden i bygget du leiger.

Miljøavtalen skal sikre at utleigar og leigetakar samarbeider om å halde og vidareutvikle ein god miljøstandard i leigeperioden. Aktuelle miljøtema kan vere auka energieffektivitet, betre ressursutnytting og redusert utslepp/avfall i samband med drift og vedlikehald av leigeobjektet.

Avtalen kan brukast når du inngår ein leigeavtale til eit bygg du skal flytte til, men kan også leggast til ein eksisterande leigeavtale ved reforhandling. Miljøavtalen brukast saman med bransjen sin standard leigeavtale for næringsbygg. Vi anbefalar å bruke den avtalen som er tilpassa offentlege leigetakarar. Du finn han i dokumentpakke for leige av eigedom.

Avtalen inneheld ein omtale av miljøtiltak, miljømøte samt fordeling av kostnader og innsparingar.

På same side finn du eit døme på ein tiltaksplan for miljø og eit utrekningseksemplar for utrekning av energiinnsparing.

Det er viktig å merke seg at god miljøoppnåing er avhengig av at alle tilsette i bygget følgjer lojalt opp dei tiltaka som er avtalte. Døme på dette er overstyring av varme og kjøling, kjeldesortering av avfall, bruk av varmt tappevatn etc.  

Meir om leige av eigedom

Dette verktøyet er ein del av DFØs rettleiing for leige av eigedom. I rettleiinga viser vi korleis du best gjennomfører ein leigeprosess.

Verktøyet er i bruk på følgende sider
Oppdatert: 12. desember 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.