Evaluering og bruk av evalueringsmodellar
Beskriving av ulike evalueringsmodellar og korleis du bruker modellane til å samanlikne og vekte tildelingskriteria i tilboda som skal vurderast.
Etter at tilbodsfristen har gått ut, skal innkomne tilbod samanliknast og vurderast opp mot tildelingskriteria. Her kan du lese korleis du evaluerer tilbod og bruker evalueringsmodellar.
Tildelingskriteria kan enten målast opp mot det beste tilbodet (relativ vurdering) eller opp mot ei referanseramme / ein kvalitetsstandard.
For å kunne samanlikne tildelingskriteria må du finne éin storleik som kan samanliknast for alle tilboda. For å kome fram til ein storleik bruker vi ein evalueringsmodell. Evalueringsmodellen skal brukast til å systematisere vurderinga av dei enkelte tilboda og til å lage ei samla vurdering av tilboda opp mot dei oppgitte tildelingskriteria og vektinga av desse.
DFØ har laget veiledning om evalueringsmodeller og evaluering av tilbud:
Veilederen skal hjelpe deg med å evaluere slik at det beste tilbudet vinner konkurransen.