CEN BII Workshop

CEN BII Workshop er underlagt CEN, eit europeisk standardiseringsorgan.

Difi har sidan oppstarten i 2007 bidrege aktivt i utviklinga av CEN workshop BII.

Første fase av dette arbeidet vart sluttført i desember 2009 med publisering av CWA 16073. Delar av CWA 16073 er lagt til grunn i PEPPOL og seinare EHF Faktura.

Fase 2 i CEN workshop BII har i perioden 2010–2012 foredla det opphavlege arbeidet. Dette arbeidet har lagt grunnlaget for det europeiske BIS-formatet gjennom Open EPPOL som igjen har danna grunnlaget for EHF-formata til faktura, ordre, katalog og pakksetel.

Fase 3 i CEN workshop BII har hovudfokus på å understøtte dei standardiseringsinitiativa som kjem frå EU-kommisjonen. Det nye EU-direktivet har stort fokus på at tilbodsinnlevering skal skje elektronisk, og vil innføre eitt standardisert elektronisk fakturaformat. CEN BII3 har organisert seg mot 3 hovudområde:

  • Infrastruktur
  • Pre-award fasen (inkludert katalogformater)
  • Post-award fasen (inkludert katalogformater)

Arvtakaren CEN/TC 440

Desember 2015 avslutta CEN BII arbeidet sitt med ein leveranse på over 130 dokument. CEN/TC 440 er oppretta for å vidareføre dette arbeidet ved vidareforedling og forbetring med eit endeleg mål å skape ein god og marknadstilpassa standard.

Oppdatert: 5. juli 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.